lørdag, mai 27, 2006

Lys, draumefangar, ei blå nise og litt vår


I vinter ein gong skreiv eg om korleis det var å vakna til utsikten frå soveromsvindauget (i denne artikkelen). Det vil sei at det stort sett var svart og mørkt.
Dei av dykk som har innsikt i arktiske lysforhold forstår vel at det nå er stikk motsatt. Det er lyst heile tida. Midnattsola har byrja å fungera. Det gjer måsen endå meir vill. Og for oss tobeinte (.....vel, nå har forsåvidt måsen òg to bein...)blir det stort sett endå meir umogleg å sova.

Så slik ser det altså ut frå soverommet rundt midnatt nå. Den tynne, raude gardina klarer på ingen måte å halda lyset ute.
Men i dette huset får me litt hjelp. Det rare er nemleg at ei lita, blå nise alltid byrjar å symja rundt i rommet rundt leggetid. Inntil ho blir fanga opp av ein draumefangar oppi hjørnet.

Vakna opp om morgonen. Til lyden,...ja av eit par måsar, sjølvsagt. Men òg til den mest liflige sommarlyden me kan høyra; Lyden av naboen sin plenklippar.
Og nå sit me ute i hagen. Det er sol! Fleire varmegrader enn sist. Naboen driv framleis og klipper plenen. Flittig kar. Fjorden er vakker og lys.
Me prøver igjen. På litt vår.

5 Comments:

Blogger Ragnhild said...

Halloooooooooo, vert det noko skiippagurra festing på deg i år då? eg lurer litt på om eg skal bestilla meg ein flybillett heilt frå Reykjavik, kanskje eg får ein premie siden eg kjem so langveis frå, thihi.

29 mai, 2006 11:31  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Hallo, Ragnhild.
Klart eg er der. Me skal spela til og med.
Og premie får du sikkert.

29 mai, 2006 15:58  
Blogger Ragnhild said...

Hurra! so kjekt! jau no såg eg nett på programmet og det var jo Daap! so flott. eg har faktisk aldri høyrt dykk "live" hupp hupp hupp :D

30 mai, 2006 12:34  
Blogger Ragnhild said...

no må du setta i gang og skriva!

08 juni, 2006 14:46  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Har mykje å gjera for tida, Ragnhild. Kalenderen min er svart av avtalar og hugsetekstar. Og dermed lite skriveoverskot. Får sjå nå i helga.

Veggene på rommet er blå, Laura. Så det blir passeleg mengde med raudt.

09 juni, 2006 17:41  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.