mandag, mai 08, 2006

På an igjen. I longs med stil


.........og DER måtte jaggu meg stillongsen på igjen.
Har lenge gått og svetta i ullstillongsen i alle varmegradene dei siste vekene.
Og akkurat i det eg, med stor ærefrykt tok den av, gjekk ut i naturen med berre legghåra innafor buksa, så sank temperaturen brått som ein struts i fritt fall. Eller noko slikt.
Faktisk så sprada eg ute i hagen i berre shortsen i deler av den siste varmedagen. Utan at legghåra reiste seg.
Og ein liten augneblink, berre ein liten ein, tenkte eg at slik kunne det bli resten av sommarhalvåret......

HA, HA, HAAAAAAAAAA!!!!!!
Nokon større idiot går det ikkje an å bli!

I dag var det berre å gøyma heile shortsen, plukka opp buksa, stillongsen, ullsokkane og alt som eigentleg høyrer med.

Jo, jo, men....

6 Comments:

Anonymous Anonym said...

Aaaahhh, da er det mykje betre på sørsida av Varangerfjorden. Her er det framleis sommar!!

09 mai, 2006 12:56  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Høh....

09 mai, 2006 15:04  
Anonymous Anonym said...

EN "sommerlig" hilsen fra nordsiden av Varangerhalvøya. Her i Båtsfjord var bakken hvit i morges. Bare behold longsen på du for det kommer jo både reinkalvri, pinseri og st.hans ri før sommeren kommer luskanes en gang etter st. hansaften :O)

09 mai, 2006 21:08  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Det var då veldig til lokale forskjellar. Tropevarme på sørsida av fjorden. Surt her og snø på nordsida av halvøya.
Velgjer å tolka den sørlege meldinga som berre fusk og fanteri.

Og kjekt med melding frå Båtsfjord. De pleier jo å laga liv uansett kva ver det måtte vera.

10 mai, 2006 22:44  
Blogger Ragnhild said...

Her i Reykjavik er det 10 varmegrader og eg gaar i kne-langt skjört uten strömpebukse. og sandaler til og med. Eg maa innrömma at det er no litt kaldt, men det er jo liksom sumar her, seier dei.

Og so e da dusk-regn ute.. so kröllar haaret mitt seg.

11 mai, 2006 11:45  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Det er jo berre å sjå på deg, Ragnhild, så veit me kva ver det er.
Reykjavik er tydelegvis staden å vera.
Og i Sør Afrika har dei sannsynlegvis forstått tyngdekraftlova betre enn her, Laura.

13 mai, 2006 13:24  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.