Den grå perioden

Dette er den psykologisk kaldaste perioden i heile året. Mai-juni med fem grader, kald, kald austavind og eit tjukt, grått skylag.
Og eg står ved vindauget med, ja nettopp, kaffekoppen og berre ser på det heile. Ikkje anna å gjera.
"Skogen", som eg planta for ti år sidan i hagen, veit godt at det berre er å drøya lengst mogleg med å visa fram nokre grøne blad. Såpass har den forstått desse ti åra. Ein spurv prøver å setja seg på ein av dei tynne greinene. Men finn ut at det er best å venta i minst ti år til.
Og oppe i ein telefonstolpe sit det ein måse og remjar som vanleg. Så det går gjennom marg og bein.

3 Comments:
Men jaggu ta er austavindsmelankolien i Øst-Finnmark interessant. Denne tida her er alltid interessant, etter at man har kommet ut av den.
Ja fy fan. har akkurat sett på tv en god halvtime.
Før jeg oppdaga at jeg hadde glemt å slå den på.
Kunne like godt sett ut av vinduet. Eller vaska opp. Men det kan ikke falle meg inn å ta oppvasken i østavind. Så han får nu bare blæse for min del. Gråbeinsgnag og skinn og bein. Huff ja.
Hei, slektning.
Me er nok to av same slag, ja. Ser livet frå same vinkel. Sånn ca.
"Å koma ut av den" må vel bety den dagen vinden snur, Kysten?
Jo. Det kjem nok ein dag. Når me kan liggja i Ytrebyfjæra og knipsa med tærne...trur eg...
Legg inn en kommentar
<< Home