mandag, mai 01, 2006

Den raude flammen


Det virkar unekteleg som om flammen har spakna litt med åra. Blitt meir eit bluss. Men det fine er at blusset ikkje sloknar.
Eg kreka meg til 1. mai samlinga i dag. Snakka med ein kamerat på telefonen i går kveld. Han drakk whisky og høyrde på storslått, klassisk musikk. Og ville gjerne slå av ein prat med det same.
Eg fortalte som sant var at eg var blitt litt passiv i forhold til 1. mai.
-Du må dra, svara han.
-Det har aldri vore så viktig å dra på slike arrangement som nå.
Så eg drog.
Kan ikkje sei at eg følte meg så mykje klokare etter å ha vore der.
Men det er noko med stemninga. Når OmSåKor ljomar ut med "Virvelstevet";
"Som ei kaffekvern gjør du jobben din, hever lønna di, jobber overtid..."
Og når alle til slutt reiser seg og syng "Internasjonalen".

Det er all grunn til å vera pessimistisk i forhold til framtida.
Den største gleda vår er for tida å kjøpa. Kjøpa og kjøpa. På varer som ofte er laga av menneske som arbeider under slavekontraktar.
Desto billegare me får det, desto meir nøgde er me. Medan dei som produserer får endå mindre.
Me bur i eit land som er i krig. Me sender jagarfly til Afghanistan som slepper bomber ned over menneske. Og soldatar som mest sannsynleg har, eller kjem til å drepa afghanske menneske. På afghansk jord.
Og det er nestan ingen i landet som reagerer på det.
Ved neste Stortingsval ligg me an til å få ei regjering frå Framstegspartiet.
I verste fall betyr det eit samfunn styrt etter prinsippa hat, ekstrem egoisme og kaos. Styrt av ein gjeng stutumar som aldri kjem til å forstå ironien til Stutum.

Lengst framme i Samfunnssalen i Vadsø i dag sat byens gamle kommunistar.
Det er mykje eg kunne ha kritisert kommunistar for. Som då dei i stor grad forsvarte det tidlegare Sovjetsystemet.
Men eg har stor respekt for desse menneska. Som ofra svært mykje under krigen. Som opplevde å bli mistenkeleggjort og håna under den kalde krigen. Men som framleis har gløden i seg. Og som bidrar til at det raude blusset aldri kjem til å døy ut.

Difor kjennest det godt å reisa seg til slutt og synga med;
"Så samles vi på Valen, seiren vet vi at vi får..."

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Gud, for et herlig bilde av ingolf og mathisen.

09 mai, 2006 13:00  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Ja, ikkje sant?

09 mai, 2006 15:05  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.