mandag, april 30, 2007

Kveldens utsikt


Slik ser kveldens utsikt ut. Frå ein liten del av eigedomen min.......vår.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, april 29, 2007

Alt dette er mitt...vårt


Så er me altså her.
Den nye Varangertankestaden.
Makkenes. Ei mil innanfor Vadsø. Og endå meir Varangerfjord.
Trengte meir plass til tankane. Og har fått 40 mål med jord, eiga strand, to hus, gammal, vedfyrt badstu, drivhus, fjøs, hestar, traktor, det meste.
Og ikkje minst; Utsikt, utsikt, utsikt, kor enn me snur oss.
Biletet øverst lyg jo litt i forhold til årstida. Men viser kor flott det er.
Dette biletet blei tatt for nokre vekre sidan og er ein smule sannare;


Men uansett...
Me har jobba og jobba. Brukte heile påsken på flytting og bæring. Har laga stall i det gamle fjøset. Snekra her og der. Ting byrjar å ta form. Men det er tusen prosjekt i framtida.

Er langt frå sivilisasjonen. Så må greia meg med mobiltelefon og 3g når eg bloggar.
Sit på det nye kontoret nå medan eg bloggar og har fjord og by i synsvidda.


Kvifor dette skjer?
Felles interesser er nå ein ting. Som eg og kjærasten har. Å driva med jord og med dyr. Kanskje få meir tid til kunst og friluftsliv òg.
Kanskje det òg er for å koma oss vekk. Flykta litt frå verda. Og finna oss ein stad å pusta ut.
Får nå sjå korleis det går.
Har gått ein del rundt omkring på eigedomen. Stått og sett litt her. Og litt der. Og tenkt at; "Tenk, alt dette er mitt...vårt."

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, april 20, 2007

Gamle synder renn ut



Er på veg ut av Ytrebyhuset. Ja, reint fysisk har eg vore ute ei lita stund allereie. Men dette er den siste mentale renseprosessen innan eg er heilt ute.

Det er mykje som skal ut av eit hus når det skal flyttast frå loft til kjellar.
Og i blant haugevis med esker, øydelagte stereoanlegg, gamle, mugne klær, støv og lort, fann eg desse vinflaskene.
Det var to typar vin som låg der. På den eine stod det på etiketten; "Halvard sin plommevin. plukka haust 1993. Tappa haust 1994". Den stammar altså frå mitt eitt og eitt halvt års opphald i Oslo. Frå plommetreet til ein nabo som var allergisk mot plommer.
Den blei frakta i trailer til Vadsø. Kryssa den arktiske linja på same måte som norsk akevitt kryssar ei anna linje. Veldig distingvert.
Som ein kunne sjå på etiketten var eg ei stund veldig stolt over denne vinen.
Så stolt at eg ga fleire flasker i geburtsdagsgåver til folk i Vadsø.
Dette var på 90 talet då det norske fotballandslaget gjorde det godt. Ein gong var me to som feira ein viktig siger med plommevin.
Og så var me heilt øydelagte dagen etterpå. Av for mykje fusel.

Dei andre flaskene hadde ikkje etikett. Men innehaldt ei blanding av krøkebær, blåbær, litt andre bær og alt det andre som gjer at det blir vin.
Å, Herre Jemini kor eg streva for å få til den produksjonen. Plukka og plukka. Så syda og koka det på kjøkkenet. Låg natt etter natt og høyrde på denne "blupp-blupp"-lyden.

Så på eit tidspunkt forsvann interessa mi for alle vinflaskene. Hovudet klarte ikkje meir fusel. Inntil eg nå har dreve og rydda og pakka.

Det heiter seg jo at vin blir betre med åra. Og ein liten smak kan jo ikkje skada. Berre for å sjekka om eg bør ta vare på nokre flasker.....
.........
Å, fy f......

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

torsdag, april 19, 2007

Grafitti frå 70-talet



Den har møtt meg kvar einaste dag i over ti år i det gamle huset.
Kvar gong eg har gått opp trappa og kome til øverste trinn er eg blitt helst velkommen av namnet "Gasolin".
Skreven av ei skjelvande hand ein gong for lenge sidan.
Kven som har skreve det, veit eg ikkje. Nokon som har budd der før meg. Men ser for meg at det må ha vore ein gut i puberteten, ein gong på 70-talet.
Gasolin. Denne danske superrockegruppa. Som herja Norden med himmelske gitarvræl.
Medan me lytta på lp-plata med store hovudtelefonar, innbilte me oss at me kunne fly.
Som med "Jumbo Nummer Nul";

"Vil du med på en lille billig-rejse
til et sted hvor der ikke er panik"


Det var særleg oss pubertale gutar som berre elska denne gruppa. Som fekk oss til å elska alt dansk ei stund. Med hovudet godt innpakka i øyreklokkene remja me i veg. Sang på dansk med den største selvfølge. Veldig falskt. Og utan at det høyrdest så veldig dansk ut.
Og det er godt å sjå at det har vore fleire i same situasjon. At det har vore ein, sannsynlegvis pubertal gut på 70-talet i Vadsø som elska denne gruppa så høgt at han tok fram tusjpennen. Med fare for å få kjeft av foreldra. Og som skreiv ein liten grafitti som kanskje vil vara evig.

"og stewardessen nikker så fortroligt
når hun siger, nu må De ta det roooooliiiiiiigt
styrter vi, styrter vi, styrter vi?
Ooooooooeeeeeeeeeeeeeeeeeee...."

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, april 17, 2007

Snart vår?



Snøen har byrja å smelta inni garasjen.
Det er eit sikkert vårteikn.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.