søndag, april 29, 2007

Alt dette er mitt...vårt


Så er me altså her.
Den nye Varangertankestaden.
Makkenes. Ei mil innanfor Vadsø. Og endå meir Varangerfjord.
Trengte meir plass til tankane. Og har fått 40 mål med jord, eiga strand, to hus, gammal, vedfyrt badstu, drivhus, fjøs, hestar, traktor, det meste.
Og ikkje minst; Utsikt, utsikt, utsikt, kor enn me snur oss.
Biletet øverst lyg jo litt i forhold til årstida. Men viser kor flott det er.
Dette biletet blei tatt for nokre vekre sidan og er ein smule sannare;


Men uansett...
Me har jobba og jobba. Brukte heile påsken på flytting og bæring. Har laga stall i det gamle fjøset. Snekra her og der. Ting byrjar å ta form. Men det er tusen prosjekt i framtida.

Er langt frå sivilisasjonen. Så må greia meg med mobiltelefon og 3g når eg bloggar.
Sit på det nye kontoret nå medan eg bloggar og har fjord og by i synsvidda.


Kvifor dette skjer?
Felles interesser er nå ein ting. Som eg og kjærasten har. Å driva med jord og med dyr. Kanskje få meir tid til kunst og friluftsliv òg.
Kanskje det òg er for å koma oss vekk. Flykta litt frå verda. Og finna oss ein stad å pusta ut.
Får nå sjå korleis det går.
Har gått ein del rundt omkring på eigedomen. Stått og sett litt her. Og litt der. Og tenkt at; "Tenk, alt dette er mitt...vårt."

7 Comments:

Anonymous Anonym said...

Gratulerer med eiendom og utsikt. Når en først velger Varanger, er der et poeng å kunne nyde utsikten, kjenne lukten av sjø, og lyden av trekkfuglene som vender tilbake til vante steder...

30 april, 2007 18:41  
Anonymous Anonym said...

Nemleg! Vaknar kvar morgon til lyden av sjøfugl der nede. Fin musikk...

30 april, 2007 21:18  
Blogger Lars said...

Hjarteleg til lukke!
Ser fram til å vitja nybruket når båt- og sykkelsesongen er i gong.

30 april, 2007 23:05  
Anonymous Anonym said...

Hei, Lars.
Sykkelsesongen er allereie godt i gong. Syklar kvar dag til jobben. Sjølv om kletten (eller kva det heiter) er ekstra tjukk i år.
Og veit du om ein båt til sals, så gi beskjed.
Men kom uansett på vitjing.

01 mai, 2007 12:44  
Anonymous Anonym said...

Gratulerer så mye!! Så heeelt fantastisk ut! Litt av et sted å bo! Lykke til. :-D Snart sommer...

02 mai, 2007 10:43  
Blogger Laura said...

Gratulerer! Så det e dit du/dokker har flytta! Det ser ut som en trivelig plass:-)

04 mai, 2007 14:40  
Anonymous Anonym said...

so kjempeflott, gratulerer, skulle önska eg kunne kjöpa ein slik fin plass pa Island, men her er alt so jækla dyrt. heldige du som kosar deg der oppe! klem fraa oss

09 juni, 2007 09:28  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.