lørdag, oktober 29, 2005

Stort oppmøte om fakkeltog


Omlag 200 menneske møtte til fakkeltog i Vadsø i dag, i protest mot utvisning av familien Dalakov, opprinneleg frå Tsjetjenia.
Vener og kjente har reagert sterkt på nyheiten om utvisninga. Og nokre av klassekameratane til eit av borna tok spontant initiativ til eit fakkeltog for å markera sympati for familien.
Blant dei som deltok i fakkeltoget, var ordførar Hauk Johnsen.
NRK laga eit innslag om familien og den støtta dei har fått i Vadsø.

Ei støttegruppe har engasjert seg for å hjelpa i alt tre tsjetjenske familiar. Ein av familiane blei i juni 2005 deportert til Hellas. Der blei dei fengsla og seinare satt ut på gata, og overlatt til seg sjølv. Denne familien har klart å koma seg tilbake til Oslo, og har nå ingen informasjon om kva som skal skje vidare.
Ein familie blei i sommar satt på flyet til Oslo for å bli utvist til Russland. Men på grunn av forsinkelsar i det russiske byråkrati, blei dei seinare på sommaren sendt tilbake til Vadsø, for å bu her midlertidig.
Og ein familie har altså nå fått beskjed om at dei blir utvist. Noko som har utløyst dagens fakkeltog.

Dersom du vil vita meir om dei tsjetjenske familiane, står det meir om desse i denne bloggen;
http://beskyttdem.blogspot.com

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Fakkeltog

Det er fakkeltog i Vadsø i dag, laurdag 29. oktober kl. 13.00.
Fakkeltoget blir arrangert i protest mot at ein tsjetjensk familie skal utvisast frå landet.
Familien har budd i Vadsø i fire år, men skal nå rivast ut av lokalmiljøet.
Klassekameratane til ein av borna arrangerer fakkeltoget.

Alle som vil protestera mot utvisinga, kan vera med. Fakkeltoget startar frå Torget.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, oktober 28, 2005

Sport og uvær


Mitt sportslege alibi ba meg om å køyra han til ei trening i ettermiddag. Det innebar å køyra ti mil til Seida i Tana, der det var styrketrening for ivrige friidretts ungdommar.
Kjende med eitt kor gammal, støl og usporty eg har blitt i det siste. Det kjenner eg kvar gong eg ser sonen min trenar eller at han deltar i konkurransar.
Klødde meg på haka medan han tok armhevingar for n-te gong.

Ute var det væromslag, og såpeglatt på vegen.
Ti mil tilbake til Vadsø gjekk i sneglefart.
Vel heime bevilga eg meg ei øl. Det var jo litt bra innsats med bilkøyringa, trass alt.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

mandag, oktober 24, 2005

Dårleg timing


Har nokre buskar uti hagen som det aldri har blitt noko særleg fres over. Då eg planta dei for mange år sidan hadde eg ambisjonar om at dei skulle bli ein stor, fin hekk. Men i arktiske strok er det ikkje berre å laga seg ein hekk.
Så dei har haldt seg på omlag same størrelse heile tida.
Ja, i grunnen har dei lenge kjempa innbitt for å overleva.

Eigentleg er dei ein gjeng med fine buskar. Med flotte, gule blomar. Men blomane kjem uhorveleg seint.
Det er som om dei pressar og herjar. Med store fødselssmerter. Og pressar og pressar.....
....og DER KOM DEI SEG UT!.....
...berre for å oppdaga at nå var det jammen blitt vinter.
Og før dei rekk å koma seg inn igjen, har dei frose til gule isblomar. Vakre, men akk så daue.

Ganske synd på dei, i grunnen.

Og veldig irriterande å sjå kor lite resten av verda bryr seg om den dramatiske situasjonen til blomane. Som desse hersens, egoistiske kråkene som berre bryr seg om å fylla magen med mat.
Der dei slåst om brødsmulene i eit fuglebur i nabolaget.
Er det rart det er krig i verda....

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, oktober 23, 2005

Fin fest

Funky Dudes

Det er så fint når så mange forskjellige menneske kan møtast. Slikt blir det ofte ein fin fest av.
Og det blei det på Hermetikken i Vadsø laurdag.
Frå kl. 18 og til langt på natt kom det meste av det som kan krypa og gå av artistar.
Alt frå mannskor og gospelkor, til diktopplesning, Varanger-joik, tradisjonell, afghansk musikk, afrikansk hip hop, funk, blues og rock.
Alle var med for å støtta TV-innsamlingsaksjonen "Drømmefanger".
Den kongolesisk/norsk/liberianske hip hop-gruppa Music Star

Vadsø Mannssangforening

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

fredag, oktober 21, 2005

Salme for ein afghansk gjetar


Det er mykje rart som kan skje.
Nemat var ein gong ein afghansk gjetar som passa på omlag 200 sauer i dei afghanske fjella. Der kunne han sitja i timesvis og underhalda sauene med ein liten gitar med berre to strenger.

Mange år seinare fann han seg sjølv på eit norsk kjøkken. Ein sein laurdagskveld. På ein fest. I det arktiske Vadsø. Så langt nord at han knapt skjøna kor langt nord det var. Der spela han på ein liknande gitar. Og var brått i samspel med ein nordmann som sang.

Og så, denne kvelden var han på besøk hos denne nordmannen. For å øva til ein konsert. Tradisjonelt, afghansk akkompagnement til ein norsk, gammal salme.

I det heile tatt; Det blir mykje forskjellig musikk på Hermetikken i Vadsø, laurdag 22. oktober frå kl. 18 og til langt på natt. Til støtte for TV-innsamlingsaksjonen "Drømmefanger".

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

mandag, oktober 17, 2005

Fengande draum

Det blir ein ny, fengande konsert i Vadsø.
Laurdag 22. oktober kjem det meste av det som kan krypa og gå av artistar frå byen med omegn for å støtta årets TV-aksjon, "Drømmefanger".
Frå ettermiddagen og til langt på natt får me høyra artistane både oppe og nede på Hermetikken.
Så det er berre å få på finskoa igjen.

(Programmet kan lesast på sida til Verden i Varanger)

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

søndag, oktober 16, 2005

Krabbande suksess


Så vidt eg kan sjå har årets krabbefestival, Polar Spectacle blitt ein suksess.
Verden i Varanger samla fullt hus og blei akkurat den gode blandinga som tiltenkt.
Daap fekk varma opp sitt store forbilde, Garmarna. Smekke fullt då òg.
Så gjekk lufta ut av ballongen for min del. Roa ned med middag dagen etter for blant andre Stefan i i Garmarna og Nasra. Ga dei variasjon i krabbe-kostholdet med reinbuljong.
Og så vidt eg forstår har det gått bra i alle andre arrangement òg. Fullt hus og stormande jubel alle vegar. Som musikk og lyrikk kveld i Vestre Jakobselv. Konsert i Varangerbotn. Blueskveld på Bajasso med Loose Ends. Og ikkje minst avslutninga til Vadsø Storband m.fl. som underhaldt veldig mange svettande, salsadansande gjester.

Høyrer elles at sjarken til Geir blei brukt til det den er best til; Nachspiel. Med heftig underhaldning.
Inntil gjestene måtte krabba seg sørover. Mett på opplevingar.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

onsdag, oktober 12, 2005

Smil til verden


Det var ei historisk hending i Vadsø i går kveld.
Kvenske og lune typar i Vadsø Trekkspillklubb møtte sprudlande Liberiansk Gospelkor, som igjen møtte salmerockarane i Daap, folkemusikaren Ingunn Løvlid og perkusjonisten Nasra Ali Omar.
Alle møttest til øving med kvar sin musikk for å blanda det godt i hop og så høyra kva som kom ut av det.
Sidan musikken er så forskjellig, kunne det bli vel spennande.
Oppi taket hang ei mengd pynta kongekrabbar og lurte på kva som skjedde.
Og blant musikarane på golvet var kanskje nokon i byrjinga litt skeptiske til at andre skulle "tulla" med deira eigen musikk. Men når øvinga kom i gang blei det berre meir og meir artig. Og til slutt var alle eit einaste stort smil.

Så eg vil berre anbefala på det sterkaste konserten til "Verden i Varanger" under krabbefestivalen "Polar Spectacle".
Den er på Boksen i Hermetikken, torsdag kl. 21.
Det blir ei historisk hending. Eit einaste stort verdenssmil.

Vil òg anbefala det svenske folkrockbandet Garmarna på fredag kl. 22.30 i Ricakjellaren.
Nokon har reist heilt frå Trondheim for å oppleva denne gruppa. Dei er dei beste og mest erfarne ein kan finna innan nordisk folkrock. Det er lenge sidan dei har vore i Noreg. Kjem rett frå turne i USA. Så det blir òg ei oppleving av det sjeldne.
(Og Daap varmar opp...)

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Nettlaus

Har vore utan tilgang til det store internettet i nokre veker.
Det har vore ei veldig spesiell oppleving.
Kjenner meg heilt nummen og rar.
Men nå er det endeleg tilbake.
Og blogginga kan fortsetja...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.