søndag, desember 14, 2008

Småbruk til salgs


(...solgt...)
Det er ikkje alltid ting går som ein vil. Og nå er det altså klart at me må flytta sørpå. Ikkje fordi me vil, men fordi me må.
For min del klarer eg ikkje heilt å forestilla meg det, etter å ha levd i Vadsø i nesten 20 år. Korleis eg skal klara eit liv der sør. I eit land der det er så varmt at det ikkje er nødvendig å setja opp ein levegg mot austavinden. Der det ikkje er noko utfordring å få potetene til å gro. Der det ikkje er snøbyger den 17. mai. Eg er ikkje ironisk når eg seier at det første eg kjem til å savna er desse snøbygene.
Og så folket. Det er så mykje eg kunne ha sagt. Men nøyer meg med det som skjedde for nokre dagar sidan. Me køyrde innover byen, då ei eldre dame stod ved vegen og strekte ut armen så langt ut ho kunne. me skulle så gjerne ha sluppe henne på, men hadde ikkje plass. Og eg tenkte at sørpå er det ikkje akkurat vanleg at framande får sleppa inn i bilen. Og slett ikkje vanleg at eldre damer står ved vegen og haikar. Men slik er det her. Ja, dei haikar forsåvidt ikkje. Dei berre rettar ut armen og reknar det som ein selvfølge at nokon hjelper dei vidare på vegen.

Og så må me flytta frå draumeplassen vår. Berre eit og eit halvt år fekk me her på dette småbruket med den mest fantastiske utsikt mot Varangerfjorden.
Fjorden som har alt. Du berre ror litt utpå, slepper snøret uti, og så høgg det på torsk og sei på samtlege krokar. Vel, kanskje er det ikkje alltid slik, men på bestemte tider kokar det faktisk av fisk i fjorden. Dessutan er det lokale forekomstar av kveite, steinbit og flyndre. Og krabbe. Og laks om forsommaren. Medan det sym vågekval, kvitfisk og niser utpå fjorden.
Jorda her er veldig spanande. Bygd opp av tare på gamlemåten. Drifta i lang tid tradisjonelt og skånsomt. Det har gitt eit av dei mest spanande kulturområde i heile Finnmark med stort mangfald av planter. Slik at det for eksempel kan plukkast vill grasløk ute på jordet, når det trengst til røykalaksen.
Og nokre av bygningane har ei og anna svært spanande historie å fortelja. Nokre er bygd på 1700 talet av russisk tømmer. Noko som er svært unikt i eit fylke der mykje brant ned under krigen.

Me hadde så mange planar. Så det me i det minste håpar er at nokon kan ivareta bruket vidare. Og dei som overtar vil få svært mykje;
-40 mål tomt med fantastisk utsikt og artsrik kulturlandskap
-To bustadhus, blant anna eit med ei lun, gammal tømmerstove
-Fjøs med stall, høyloft, lagerrom og diverse,
-Vedfyrt badstu, dobbel garasje, lakserøykeri, drivhus, potetåker, jordbæråkrar, hønsehus, lakseplass, lang, fin sandstrand
-Tilgang til fine fiskeplassar uti fjorden, nær tilgang til jakt, fiske og bærmyrer på fjellet, vedteig nokre hundre meter ovanfor garden
-Moglegheiter for hobbysmåbruk, hestedrift, sau, høns, næringsverksemd som økologisk turisme, besøksgård eller berre ein bustad med utleige og svært god plass
-Moglegheiter til å kjøpa med traktor med diverse redskap, trebåt med påhengs, laksegarn og diverse fiskeredskap, anna utstyr og material.
-Dessutan er det mogleg å motta støtte til å vedlikehalda jorda og bygningane.

Er du interessert, kan du lesa vidare om livet på Makkenes lenger nede i denne bloggen, sjå bilder av garden med omegn i dette fotoalbumet, du kan sjå dette panoramabildet i photosynth, sjå innom finn.no, eller ta direkte kontakt med salgsmeklar; vza@advokathuset-vadso.no tlf. 78941400.

Har visst i over eit år at dette kunne skje til slutt. Og det kan delvis forklarast som ein av grunnane til at det ikkje har vore så veldig mange tankar å formidla den siste tida. Så dermed kan det òg sjå ut til at det går mot slutten med denne bloggen. Ser ingen vits å fortsetja med mine varangertankar (sjølv om tankane nok ofte vil gå til Varanger). Tida vil visa.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.