lørdag, juli 02, 2005

Barndommens øy

Halsnøy
Er heime på barndommens øy. Halsnøy. Ei øy på Vestlandet som er vidt forskjellig frå Vadsø i Finnmark.
Medan det kan vera ei stor utfordring å få noko som helst til å veksa over knehøgde i hagane i Vadsø, er problemet det motsatte på Halsnøy; Å hindra det meste i å veksa for mykje. Viss det ikkje var for at bøndene slo graset her, ville øya raskt ha blitt ein einaste, stor urskog.
Einebærbuskane (eller "brakjen", som dei seier her) er på høgde med bjørkeskogen i Vadsø. Det veks og veks. Øya er berre ein eksplosjon i grøne planter om sommaren.

Øya er kjent for fleire ting. Sunnhordlandsdialekten med skarre-r, o-endingar og rare ord som "jysla" (veldig), "løyen" (morosam) og "badla" (rulletobakk).
Dessutan ein stad kor folk ordnar opp i det meste sjølv. Når politiet ein sjeldan gong er på veg over med ferja, går jungeltelegrafen og sms-trafikken heftig. Alle er varsla før politiet har trødd på land. Og på oppslagstavla, mellom bedehus-arrangement og bilar til salgs, kan det henga ein lapp kor det står;
-Purken på øyo. Parker bilen!
Sæbø
Dette er garden kor eg vaks opp. Der eg sprang mellom trea og leika cowboy og indianar. Eller jobba med å forhausta. Eller sprang ned til stranda for å bada.
Var til og med odelsgut på denne garden. Men sa frå meg odelsretten. Tenkje seg til.
Kanskje det var fordi forhaustinga, garden og alle plantene ga meg kraftig høysnue. kanskje det var lysta på å gjera noko heilt anna. Enn å forhausta resten av livet.

Det kjennest i alle fall veldig rart å vera her. Byrjar å nysa med ein gong. Det er nå ein ting. Og treff på enkelte gamle kjenningar. Som seier namnet mitt slik dei berre gjer her. Mange andre er heilt nye for meg. Var vel barn då eg flytte herifrå. Og er allereie i gifteklar alder nå.
Kjenner meg som ein framand. Det gjer eg vel eigentleg uansett kor eg er. Høyrer ikkje skikkeleg til verken her eller der.

Har med nokre ungar på turen. Og dei trivest. Dei spring omkring i det høge graset. Mellom trea. Ned til stranda. Hoppar uti sjøen som kjennest varm for finnmarkingar. Og gleda til ungane smittar over på ein melankolsk og høysnue-snufsete vaksen.

5 Comments:

Blogger Guttorm Hveem said...

Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

03 juli, 2005 21:02  
Blogger Guttorm Hveem said...

Har lest bloggen din ei stund og der er rart kor lita verda er, dette innlegget gjorde at eg fann ut kven du er... Har sjølv vakse opp 200 meter frå deg, i generalsvingen (1990-1998)... Og har nytt utsikta over varangerfjorden, sett frå grense jakobselv, i to år. (http://guttorm.hveem.no/gsv.htm) Pussig!

03 juli, 2005 21:06  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Du snakkar!
Det må vera eit spesielt bindeledd mellom Halsnøy og Vadsø/Vestre Jakobselv. Dukkar stadig opp folk som har ei tilknytning til begge stader.

05 juli, 2005 16:51  
Anonymous Anonym said...

Jeg tror du tar feil om ting som gror på Vestlandet, eller så er det annerledes lenger nord.
Det var riktignok sånn at alt grodde for høyt da jeg var unge. Jeg kunne gjemme meg i gresset da; det gikk sikkert godt over hodet mitt.
Men når jeg drar tilbake nå er det bare små gresstuster som ikke rekker meg til kneet engang. Skuffende, men enda et bevis på at det var bedre før!

06 juli, 2005 17:54  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

På Halsnøy gror det nå i alle fall over hovudet på meg....
Men det seier kanskje meir om meg....

06 juli, 2005 22:46  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.