fredag, september 08, 2006

Tanadalens forbannelse


Køyrde Vadsø-Lakselv sist helg. På friidrettsstevne. Saman med den sporty sonen min og nokre andre, unge friidrettstalent.
Og vart offer for forbannelsen på ein del av køyraruta.
Mellom Tana og Karasjok er det rett nok ein del mil å køyra. Men i tillegg så opplever me den så uhorveleg lang.
Kanskje det delvis skuldast at terrenget ikkje er så variert. Eller at ein blir minna på kor langt det er igjen i kvar einaste mil.
Etter langt om lenge er det 10 mil igjen.....(køyre, køyre, køyre, køyre, køyre, køyre.....sååååååå,.......er........det..................ni mil, køyre, køyre....osv.
Men den næraste forklaringa er at det kviler ein forbannelse over vegstrekninga.
Mana fram av ein kar som ein gong fann ut at samtlege som køyrer mellom Tana og Karasjok skal kjeda seg nestan ihjel.
Det er så ein nestan håpar at det skal hoppa fram ein rein i vegen. Så det i alle fall blir litt underhaldning.

8 Comments:

Anonymous Anonym said...

Neimen, kjære..slik snakker da bare de som har tenkt alle tankene sine ! Det er jo så flott at man av og til kan tenke ferdig laaange rekker uten å bli avbrutt-kanskje for flere dager- av at man er framme allerede.Fysj å sitte på en trikk eller tbane i 8 minutter hver dag og bare rekke å få tenkt på det som haster...

16 september, 2006 20:56  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Det blir vel ei anna erfaring, i ein by kor det aldri blir tid til å kjeda seg?
Viss du tar deg ein tur frå Tana til Karasjok, vil du få god trening i det.

17 september, 2006 09:09  
Blogger Lydonen said...

Berre sutring!
Større kaffikopp, snøggare bil eller betre musikk i spelaren og Tanadalen vert ein lek!
Eg har vore der, gjort det og lever vidare for å fortelja...

17 september, 2006 22:32  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Puff....
Berre skryt....

18 september, 2006 10:00  
Anonymous Anonym said...

Så spennande å finne denne bloggen!

Gjorde min Nord-Noreg debut sist sommar. Det var på høg tid som eg etter kvart er blitt 70 år. Sit med mange hundre bilde, tekne i forbifart og på fråstand, men dei dirrer og lever. Vil ikkje gi slepp på dei, for at dei ikkje skal gi slepp på meg.

Turen er over, men Nord-Noreg er så vidt begynt i meg.

19 september, 2006 12:21  
Anonymous Anonym said...

å bare si at DØDEN, det er langstrekkene i Nord-Sverige og Nord-Finland ! Der hjelper det ikke engang å tenke; faktisk BØR man ikke tenke for mye mens man kjører der..Merkelig at det er så mye kjekkere å reise med hurtigruta ?

19 september, 2006 21:40  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Finland og Sverige, ja....
Det blir så langt at ein gløymer kor langt det er.
Som når ein drar ut i eit romskip og legg seg i ei slik kuvøse og søv i mange år.

Det var kjekt, Hugen. Lykke til med dine nord-norske opplevingar.

20 september, 2006 20:43  
Anonymous Anonym said...

Har opna min eigen logg, og der skal "nord-norske opplevingar" vere eit viktig tema d.v.s. kva gjer vi med opplevingane våre?

http://hugen.wordpress.com

22 september, 2006 22:20  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.