lørdag, august 05, 2006

Fiskesuppe i det fri


På Ekkerøy kan det nytast noko så sjeldant som fiskesuppe. Laga av råvarer frå nærmiljøet. Fleire andre rettar har dei òg. Eine dagen kunne dei tilby to porsjonar med stekt røye. Fordi kokken hadde hatt seg ein fjelltur og fått litt fisk.
I restauranten er det hengt opp diverse fiskeredskap. Og drivved. Alt funne rundt omkring Ekkerøy, reknar eg med. På veggen er det skreve dikt av ein lokal lyrikar.
På vestsida store vindauge som tar inn heile den spektakulære utsikten på Ekkerøy. Det vil seia havet og himmelen.

På tide med dessert. Blåbærpai dandert med litt multer. Frå Ekkerøy.

Samstundes irriterer det meg. At denne restauranten er den einaste eg veit om i Varanger, som har direkte utsikt til det vakraste me har; Nettopp havet og himmelen. Som har lokale råvarer. Me har eit hav som bugnar av liv. Men få restaurantar som tar det i bruk.

Vadsø; Av folk frå omkringliggande tettstader karakterisert som "Byen bak de nedrullede gardiner".
Historikaren Einar Niemi fortalte ein gong at dette uttrykket fyrste gong blei brukt i samband med at Vadsø hadde siesta midt på dagen. Ein gong for lenge sidan. Og markerte dette med å dra ned rullegardinene framfor butikkdørene.
Seinare skal ein embetsmann (eller kva han var) ha samanlikna det festlege og livfulle Vardø med det stille og kjedelege Vadsø.
-Medan det er fest og fyr i Vardø, året rundt, sit dei bak nedrulla gardiner i Vadsø og kikkar på dei som vågar å gå ut på gata.
Ja, det var vel omtrent sånn denne embetsmannen uttrykte seg.
Seinare har dette festa seg som inntrykk blant mange. I Vadsø er folk skeptiske og tilbaketrukne. Men drar du til Vardø, er du kjent med heile byen i løpet av ein time. Der innleier alle med å spørja,
-Ka førr en hæstkuk e du? (Det betyr; Kven er du?)

Eg skal ikkje nøra meir opp under slike generaliseringar. Det kan jo vera berre tull, sånn eigentleg.
Men det er i alle fall ein ting som slår meg;
Ingen av utestadane i Vadsø har utsikt vendt mot havet. Eller rettare sagt fjorden.(Det er ein, på Hermetikken som har utsikt mot havna. Men der har dei visst så dyr husleige at ingen vil driva der.) Alle er vendt mot ei kjedeleg gate. Og på fleire av utestadene har dei trukke ned persienner eller gardiner framfor vindauga.
Ein blir på ein måte vendt innover. Mot mørke. Og mot trøtte andlet.

Difor er det så fint å ta turen til Ekkerøy. Til Havhesten. Ha hav og himmel rundt seg uansett om ein er inne eller ute.
Og nyta den siste....kaffekoppen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.