Store og små tankar inspirert av utsikten over Varangerfjorden
tirsdag, august 23, 2005
Grått vær, søte jordbær
Det regnar. Ganske grått og trist på alle måtar. Så jordbæra lyser opp. Sidan været ikkje har vore heilt optimalt i sommar, har dei kome ganske seint. Men det ser ut til at dei har hatt det heilt greit der under dekket. Det blir ikkje så mange. Og dei modnast sånn forskjellig. Seks-sju då. Tre-fire neste dag. Men det evige sommarlyset gjer sitt til at dei blir veldig smakfulle. Reine festdagen kvar gong me kan servera jordbær og is til dessert. Medan dei andre gjer sitt beste for å modnast før vinteren trør til. Og det er jo ikkje så verst å ha sine eigne jordbær på nokon og 70 grader nord.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home