torsdag, mars 16, 2006

Folk og fe i Finnmark

Har hatt ei innhaldsrik veke. Det starta med eit nytt, kulturelt innslag. Poeten Lars som framførte eigne dikt, akkompagnert av Harald og Morten. Folket som høyrde på viste å setja pris på tilbodet. Musikken fekk så godt fram stemninga i orda til Lars. Går ennå og nynner på den siste setninga hans; "Medan du sov, medan du sov..."
Foto: Trond Alfred Holm

Dagen etter, i ein slitt bustad sat ein alvorstung gjeng. Ein tsjetjensk familie har tapt rettssaka mot staten. Det betyr at politiet kan vera på døra kva tid som helst og henta dei. Senda dei ut av landet.
Dei fryktar for sine eigne liv. Er fortvila over kva som skal skje med borna. Angsten og det uvisse har gjort dei nærast apatiske.
Sonen deira sat i sofaen og såg på skiskyting. Jubla stille og forsiktig når Bjørndalen gjekk først over mål. I respekt for dei alvorlege vaksne som sat rundt bordet.
Saman med dei sat nokre norske vener som vil prøva å hjelpa. Blant dei ordføraren i kommunen. Venene vil prøva å få til ein innsamlingsaksjon og støttekonsert. Samla inn pengar til å anka saka deira.
Kjende meg overvelda. Over at familien klarer å halda motet oppe. Over ho som står slik på for å hjelpa dei. Over ordføraren og andre som engasjerer seg.

Lenger inne i fjorden. Eit gammalt par bur der, stille og fredeleg. Har ein liten flokk villsauer. Nokre høner og ein hund. Bur i ein av dei få, gamle gardane som ikkje blei brent under krigen. Garden er arva. Dei jobbar litt utanfor garden når dei vil. Elles har dei nestan ingen utgifter. Mat hentar dei ute i fjorden. I skogen. Eller slakter heime. Nestan upåverka av maset elles i verda.
Det står teikna over heile andletet til mannen i huset. Med krittkvitt skjegg. Og fredelege furer.
Oppe på Navarsvannet var ein gjeng skuleungar og fiska. Dei fekk heile dagen til rådvelde. Det bles ein iskald vind tvers over vatnet. Men det brydde ikkje ungane. Dei låg langflate time etter time. Stirra ned i isholet. Fekk opp ein og annan piggfisk på nokre få centimeter. Var så oppglødde.
Aldri keisamt med verken folk eller fe i Finnmark.

2 Comments:

Blogger Lars said...

Takk for hyggeleg omtale :-)
...men er poetar eigentleg folk eller fe?

21 mars, 2006 19:42  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Øøøøhhh,......dei er vel eigentleg............fe?

30 mars, 2006 13:14  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.