fredag, april 29, 2005

Læstadius i gåve

Salmebok lys
Har fått ei uvurderleg gåve. Ei lita, vakkert innbunden, læstadiansk, finsk salmebok. Var på besøk hos eit spanande, pensjonert ektepar i byen. Og kona viste seg å tilhøyra den innerste, læstadianske krets. Den sekta frå Finland og Tornio som har utvikla seg direkte frå Lars Levi Læstadius. Etter hennar eige utsagn.
Fleire gonger i året kjem det finske trusfrender og har møte hos ho. Held sekta levande.

Må presisera at eg ikkje er noko særleg religiøs. Men er veldig interessert i musikken deira. Og fascinert av miljøet. Å treffa henne var omtrent som det måtte ha vore for Rolling Stones då dei første gong traff Muddy Waters.

Me sat der i stova og sang "Armon Lapset" og andre finske salmar. Brått gjekk ho ut, og kom tilbake med den vesle salmeboka. Ville gjerne at eg skulle få den i gåve.

Eg følte eg måtte vera ærleg og fortelja at eg er med på å laga desse salmane annleis. Og ho likte ikkje heilt "jazzsalmar", som ho sa sjølv. Mest av alt likte ho den tradisjonelle sangmetoden; Å dra tonane lengst mogleg ut. Men ho aksepterte det som var annleis.
(På denne sida; http://www.home.no/daap kan de forresten høyra nokre eksemplar på "jazzsalmar".)
Salmebok orgel

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.