Vadsørennet Grand Prix

Har delteke i det årlege Vadsørennet i dag. Tre mil på ski på fjellet, mellom Vestre Jakobselv og Vadsø. Saman med omlag 200 andre.

Føret var vanskeleg. Det lugga og var bakglatt om ein annan. Passa godt at eg stilte i turklassen. Etter berre nokre kilometer rasa konkurranseløparane forbi.

Og endeleg kom eg meg til skihytta. For første gong i år. Fekk litt varm saft der.

Då det nærma seg mål skein det litt opp. Var blant dei siste. Kom akkurat tidsnok til målområdet for å bli kommentert av speakeren, Gundersen, før han pakka saman mikrofonen for dagen. Klarte så vidt å spurta forbi to eldre damer innan eg kom over mål.
Fire timar hadde eg brukt.
Sonen min hadde òg gått løpet. Men han var allereie ferdig dusja. Hadde brukt halvparten av tida. jaja...

2 Comments:
Godt å høyra at det ikkje berre er eg som heng etter ungdommen over fjellet. Fekk forresten akkurat med Gundersen sine kommentarar til målpasseringa di då eg stavra meg bortover mot kafeen, og må tilstå at eg ga på litt ekstra mot slutten berre for å rekka å verta kommentert i mål sjølv. Det er noko med det...
Ja, det er veldig festleg å bli kommentert i skiløypa, akkurat som på ordentleg. Særleg når ein klarer å spurta forbi to eldre damer.
Då er livet verdt å leva.
Legg inn en kommentar
<< Home