lørdag, april 02, 2005

Det luktar hest...

hest2


Du trudde kanskje det skulle bli eit skikkeleg kinky innlegg her nå. Men her i bloggen er alt bokstaveleg og rett på sak.

Blei nemleg invitert til eit samfunn i byen i dag som eg ikkje har frekventert i før.
Til dei som driv med hest. Fleire bønder i byen (!) har starta med å leiga ut stall og jordstykke til dei som eig hestar.
Etter det eg veit er det omlag 40 hestar i byen. Og endå fleire, ivrige heste-for det meste -jenter.
Dei set av opptil fleire timar kvar dag til stelling og mosjonering.

Det var meininga at eg skulle få meg ein tur i dag. Men den aktuelle hesten var litt vill av seg, så eg fann det tryggast å halda meg på jorda.
Men fekk nå anledningen til å børsta dyret litt.
-Du må snakka med hesten, fekk eg instruksar om, medan eg strauk børsten litt vel forsiktig over ryggen.
-Hei, hei, prøvde eg.
Og svelga eit "kor det går" til dyret som uansett ikkje hadde svara noko fornuftig på eit slikt spørsmål.
Det blir nok lenge til det blir ein "hestekviskrar" ut av meg, ja.

Men det ser i alle fall artig ut, når vante hestepassarar travar bortover vegen på dei svære dyra.
Og lukta...den er nå i grunnen ikkje så verst...

hest1

4 Comments:

Anonymous Anonym said...

HEST ER BEST !!! hadde hest selv da jeg bodde nordpå, hele livet mitt dreide seg om hest i årevis... toppen av lykke var jo å dra på rideturer, galloppere med håret flagrende (jepp, jeg hadde nok sett litt for mye på hestefilmer...)og kose seg i stallen... kunne navnet på enhver hest i Finnmark, i tillegg til hvor de sto og hvem som eide dem...en periode prøvde jeg t.o.m å gå hjulbeint, min favoritthesteheltinne var nemlig det....himmel og hav for et liv - men alltid når jeg tenker tilbake smiler jeg :)

03 april, 2005 12:08  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Ja, forstår at det er kjekt.
Eg var òg fast bestemt på å ha hest ein gong i barndommen. Skulle ha ein slik kvit ein som Sølvpilen.
Og ri omkring og skyta med kruttlapppistol.

Men så kom puberteten og mitt første møte med olje på fingrane. Og så blei eg heilfrelst på moped og motorsykkel i staden.

Så den kvite hesten rei berre vekk inn i solnedgangen og kom aldri tilbake.
(Dessutan var jo hest eigentleg noko jentegreier...)

03 april, 2005 19:27  
Anonymous Anonym said...

Hest var helt klart "jentegreier".. Jeg hadde en beiler på den tida, kompisene hans va ikke sikre på om det var lurt å bli kjærest med meg, jeg hadde tross alt hest................. ;)

03 april, 2005 21:32  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Forstår et godt. Sikkert ikkje så kjekt å vera beilar nr. 2. Etter hesten.

03 april, 2005 21:57  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.