lørdag, april 09, 2005

Barnlege synder

skog


Dagens tekst er henta fram frå gjengrodde stiar (den var fiks, ka?)
Den gamle ungdomsskulen på Vestlandet som eg gjekk på skal feira jubileum. Og dei har i den anledning bede blant andre meg om å skriva ein tekst kor det blir mimra over gamle dagar.
Det eg er mest spent på nå, er om dei godtar teksten min. Om det har skjedd noko endring sidan eg flytta derifrå.

Og dersom du skulle bli sjokkert over historia, så må du hugsa på at dette skjedde på det pietistiske Vestlandet for lenge, lenge sidan. I ei tid då seksualundervisning var like usannsynleg som at det skulle finnast liv på andre planetar. Eller at menneska skulle vera i slekt med apene.

Mi historie skjedde på slutten av det elles så syndige 70-talet. Me, ein gjeng gutar var i vår beste alder; rundt 14 år. Med hengslete armar og bein, tennene på tørk og kviser så store som pannekaker. Me trudde at me allereie då var Guds gåve til det motsatte kjønn. Så trua på oss sjølve var det ingenting i vegen med. Men me trudde samstundes at den einaste måten å nå fram til jentekroppen, var å ty til ulovlege metodar. Det var nå berre slik det var, meinte me.
Så slik var det ein mørk haustkveld at me hadde bestemt oss for å gå til aksjon.

Volleyball var umåteleg populært på den tida. Jentene hadde trening den kvelden.
Og me, sju til åtte gutar i vår beste alder, hadde planlagt å kikka på dette. Ikkje på treninga, men på dusjinga etterpå.
Den glimrande ideen var at me skulle klatra opp på taket og fira oss ned til vindauget og kikka inn. Me skulle lura oss ned eit forholdsvis bratt tak, bøya oss over takrenna og kikka inn vindauget.
Rett og slett.

Å klatra opp på den flate delen av taket var ingen problem. Me hadde jo vore ute ein haustkveld før.
Så byrja me å trampa bortover taket, så kvisene spratt og bein og armar haldt på å gå ut av ledd. Men akkurat i det me skulle over på det farlege ved oppgåva, til den bratte delen av taket, så skar det seg. Dei hengslete beina våre hadde laga eit alt for svært leven.
Og det viste seg at samtlege lærarar på skulen hadde møte den kvelden. Dei kunne forbløffa høyra eit forferdeleg rabalder over hovuda sine.
Når desse lærarane først aksjonerte, så var dei raske. Dei sprang ut og kommanderte at samtlege gutlarvar skulle hoppa ned.
Me prøvde først å gjera oss usynlege. Nok ein fiks ide som me trudde på. At ingen kunne sjå oss berre me stod stille nok. Men det var ikkje til å unngå. Me måtte til slutt hoppa ned og gå spissrotgang mellom oppstilte lærarar.

Neste dag var dommens dag.
Læraren vår kalla inn ein og ein gut-i-sin-beste-alder til avhøyr. Aldri hadde kvisene våre vore så store og raude som den dagen. Tennene hang ned til knærne. Hengslete armar roterte som to ustyrlege propellar. Beina stod som fastlimte for ein gongs skuld.
Det var vår første nær-døden-oppleving.
Men litt fortumla fann me ut at me overlevde. Og me innsåg faktisk etter ei stund at me hadde vore heldige. For viss me hadde kome så langt som å fira oss ned langs det bratte taket, så hadde me mest sannsynleg ramla fire-fem meter ned i ei steinur, utan å få så mykje som eit glimt av dei dusjande jentene.

Seinare har me lært eit par ting om korleis ein skal få innsyn til kropp og slikt. Men det måtte me finna ut av sjølve, og ikkje ved hjelp av den jubilerande skulen.

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Vel, det kom vel flere muligheter senere regner jeg med:-) Men det må jo sies at det var ikke et orginalt tema, jeg husker med skrekkblandet fryd (jada!) spenningen ved dusjingen etter enhver kroppsøvingstime eller svømming, om vi fikk dusje i fred eller om vi ble "ydmyket" av overivirige valper full av barnslig trass, sikre på at frelsen lå i å få se en naken pikerumpe eller et bryst. Når de lyktes var vi sint og røde i toppen og kjeftet og smalt men det rykket litt i lattermuskelen også. Lykke til på skolegjenforening, det er alltid en selsom opplevelse!

09 april, 2005 20:53  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Sikkert like greit å ikkje dra dit, nei.

10 april, 2005 02:17  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.