Snø og vår

Det snøar. Og det er vår.
To sterke motsetnader, skulle ein tru.
Men denne type snø skal vera eit sikkert vårteikn.
"Klette" trur det var at folk her kallar det. Ein type snø som skal fjerna den snøen som allereie ligg på bakken.
Trudde lenge at dette berre blei sagt for å trøsta ein stakkar søring. Men det skal visst vera noko i det.
Så nå får eg òg faktisk ein vårfølelse i kroppen når eg ser slikt snøver.
3 Comments:
hei du! korleis likar du denne bloggsida istaden for sprayblogg?
Hei, Ragnhild.
Likar den veldig godt.
Ulemper er at
-det tar tid å venna seg til eit nytt system.
-servaren har vore litt nede og i ulaget av og til.
Men det gjaldt jo Sprayblogg og.
-Bilda kan ikkje lagrast i blogger men på ein eigen biletservar. Men det har liten, praktisk betydning.
-lite norsk fellesskap. Bloggen forsvinn litt i den store "Blogger-verda". Men det kan løysast ved å registrera oppdateringar i Nettdagbok.no, imperfektum.net og bloggrevyen.com.
Fordelane er mange;
-ubegrensa med plass,
-ubegrensa antal bloggar pr. person,
-mange finessar og hjelpemidlar.
-Gode moglegheiter til å endra stilsett så mykje du orkar.
-Du kan tena pengar sjølv på Google-annonsene (viss det er mange som klikkar på dei. Men det er det kanskje ikkje).
-Og ikkje minst; Blogger er heilt gratis.
wow, det höyrdest no flott ut!¨det kan jo vera eg skiftar ein eller anna gong? Men eg er litt lat og gjer det berre viss sprayblogg slaar seg heilt vrange
Legg inn en kommentar
<< Home