lørdag, juli 08, 2006

Mormor på 97


Har framleis ei mormor. Ho bur på Utsira. Øya vest i havet utanfor Karmøy. Og ho har rukke å bli 97 år.
Det er lenge sidan eg har sett henne. Alt for lenge. Men denne gong kunne eg setja meg ved sida av henne på aldersheimen.
Så der sat ho. Like karrig og fast som landskapet på øya. Men med det same glimtet i auget.
Det byrjar å gå i surr for henne med barnebarn og oldebarn. Særleg når ho blir presentert for moderne "mine og dine"-familiar.
Men ho hugsa meg. Sjølv om det var lenge sidan sist.
-E det deg, spurte ho undrande.
-Er du ennå oppe i Nordland?
Alt nord for Trondheim er Nordland på ei lita øy som Utsira.

Mormor blei enke i 1966. Mannen hennar døydde av ein sjukdom som kunne vore lega i dag.
Sidan den tid budde ho mykje åleine i huset sitt på øya. Gjekk i fjæra om vinteren for å henta drivved. Gleda seg over det som kom av vitjing frå barn og barnebarn om sommaren.
Det at ho til slutt måtte flytta til aldersheimen har ho aldri forsont seg med.
-Eg får vel bli nokre dagar til, innan eg fer heim igjen, sa ho inne på aldersheimen. Medan rullatoren stod klar ved sida av henne.

Hugsar ein gong eg som tenåring skulle ta avskjed med henne, etter å ha vore ei stund på øya. Som tenåringar flest ville eg etterkvart markera at eg var uavhengig. Og ga henne difor ingen avskjedsklem.
Ein klem fekk ho denne gong. Innan eg måtte dra ifrå henne igjen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.