onsdag, mars 23, 2005

Musikken er død, lenge leve...

cd


Det er ein platebutikk i denne byen.
Snart er det ingen.
To ungdommar som har dreve denne uavhengige plateforretningen gir opp. Var innom der i dag og kjøpte fem plater med rabatt.
Det kjendest som å trampa på grava deira.

Det har alltid vore noko magisk med ein plateforretning. Hugsar då eg som unge satte øyreklokkene på og opna midtsida på LP-plata. Hoppa inn i ei anna verd. Lot meg hypnotisera. Slik at eg brukte opp alle sparepengane på plata. Måtte berre.

Og i dag når desse to ungdommane gir opp forretningen sin, kjenner eg meg skuldig. For eg må vedgå at eg har ein god del mp3-filer på datamaskinen min. Har det faktisk med ganske godt samvit òg. Sidan mine sparepengar på 70-talet blei brukt til å fylla opp champagneglasa til platedirektørane, medan rockestjernene kasta fjernsyn ut av hotellvindauga for morro skuld.
Syntes at direktørane og bortskjemte stjerner fekk som fortent då dei blei råka av "mp3-viruset".

Men likar ikkje at det går ut over to ihuga ungdommar frå Vadsø. Og det slår meg at platedirektørar og stjerner nok kjem til å overleva.

Plukka ut fem plater frå ei mager hylle.
Betalte og fekk rabatt.
Innehavaren ynskte meg ein god påske.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.