søndag, mars 27, 2005

Dødssmykket er klipt av

smykke



Det ser kanskje litt skummelt ut dette. Men det er enkelt og greit eit smykke som heng til spott og spe i vindauget. Fekk det i gåve i Hellas for mange år sidan. Det skal illustrera nokre knokkelbein. Likte det godt. Identifiserte meg litt med det. Men dei siste åra satte smykket seg fast i ein knute. Så eg har hatt det konstant på veldig lenge, slik at det har blitt passe slitt med åra. Samstundes som det sannsynlegvis har slitt på meg òg.

Men i går tok eg steget. Fann fram saksa. Og med høg puls....klippa eg det av.
Det var som å skjæra av seg ein kroppsdel... Men når det først var gjort, så kjendest det lettande. Befriande.

Så nå heng det i augneblinken i vindauget som eit dødt trofè. Med døde bein, slik bein eigentleg skal vera.
Medan eg kan ta turen ut i sola.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.