Hyttetur
"Alle" har hytte i Vadsø. Unntatt eg. Så då er det ekstra fint å bli invitert til ei.
Blei til og med henta med skuter. Rimeleg spesielt for ein søring.
Hytta eg kom til ligg ved enden av Nattfjelldalen, fleire mil innover frå Vadsø.
I hytta venta spente ungar på vitjinga.

Vadsøværingane legg mykje følelse og prestisje i hyttene sine. Mange av dei er enkle og spartanske. Og går i arv frå generasjon til generasjon.
Mange drar på hytta nestan kvar helg. Reparerer, ordnar og steller. Går i badstua. Inviterer venner og kjente. Nyt den nakne naturen. Slappar av.
Og i påsken er byen nestan tom på grunn av hytteaktivitetane.

Været i går var gnistrande. Måne og knall, blå himmel. Ein nordavind som strauk over fjellet. Som tok med seg snøfokk frå fjellet, langt der inne. Men som ikkje hindra store og små i å streva avgårde på skia.


1 Comments:
ååå du e so forbaska heldig!!!
eg e grönn av misunnelse!
Ragnhild
Legg inn en kommentar
<< Home