torsdag, mars 24, 2005

Vår i lufta

cd


Vakna til lyden av rennande vatn frå takrenna i dag. Nokre småfuglar kvitra. Og måsen skreik i det fjerne.
Det kunne berre bety ein ting; Det er vår!

Normalt burde eg ha blitt glad. Men det kom litt tidleg, dette. For i dag hadde eg tenkt meg til skihytta, omlag ei mil innover fjellet. Hytta som er open for alle skigåarar. Ei stor, fin hytte der dei sel kaffe, saft og vafler. Der skulle eg.

Men med rennande vatn utanfor soverommsvindauget betydde det at skia mine kom til å bli veldig bakglatte. Har berre blå swix i lomma.

Vel, gjorde nå eit forsøk. Men ga opp etter ein kilometer, då skia spann i alle retningar.
Og nå i påsken er sportsbutikken stengt. Får ikkje tak i rød swix eller klister. Som dessutan er noko svineri.
Blir uroleg av dette. Det er fem grader ute. Reine sydentemperatur. Og snøen fortset å smelta.
Skal eg verkeleg ikkje koma meg til skihytta i år?

cd

9 Comments:

Anonymous Anonym said...

Etter den elendige vinteren vi har hatt kan det likesågodt bli vår nå. Det har jo ingen hensikt å prøve å ta igjen det tapte ved å late som om det er vinter i mars! Men det er det altså hva været her driver med. Helt til jeg vasket bilen, da begynte det selvsagt å regne.

24 mars, 2005 21:26  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Hei, Marina!
Lenge sidan sist.
Kjekt å høyra frå deg.
Ja, eg skal vel ikkje klaga.
Me burde vel gle oss over været, uansett korleis det dett ned.
Og så slapp du jo resten av bilvasken, då.

25 mars, 2005 07:50  
Anonymous Anonym said...

Så trist! Hvor stor er sjansen for at dere får brukt polvotter og pensko i årets 17. maitog hvis våren allerede sildrer frekt gjennom takrenna???
På den formanende side: hvor mange ganger har du tenkt i år at du skulle ta turen til skihytta? Moralen er: følg din første innskytelse så havner du ikke i dette uføret neste år... Ha ei fin påske fortsatt!

25 mars, 2005 15:05  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

I Vadsø blir det alltid brukt polvottar den 17. mai.
Elles byrjar du å høyrast ut som mora mi...
God påske, du òg.

25 mars, 2005 22:20  
Anonymous Anonym said...

Trekker tilbake alt som ble sagt for jeg vil ikke høres ut som moren til en på din alder:-)

26 mars, 2005 12:09  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

He-he-he...
Mødre kjenner ingen aldersgrenser, veit du...

26 mars, 2005 12:28  
Anonymous Anonym said...

Ja, vi kan være skikkelig utidige. Men så er det ei kjennegjerning at gutter finnes i alle aldre også.

26 mars, 2005 16:41  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Jepp!

26 mars, 2005 16:45  
Anonymous Anonym said...

:-)

26 mars, 2005 16:57  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.