søndag, mars 06, 2005

Verda der ute

oljefartøy



Langt der ute mot aust kan me sjå lysa av dei. Store fartøy som transporterer olje. Dei færraste av oss tenkjer så mykje over det. Dei er jo så langt der ute. Så me nestan ikkje kan sjå dei.

Men dei har blitt fleire og fleire. Dei siste åra har trafikken auka merkbart. Går i skytteltrafikk mellom Murmansk og Rotterdam med den dyrebare og farlege lasta si.
Mykje av råolja kjem frå langt sør i Russland, til og med frå Aust Europa. Men i staden for å bli transportert direkte vestover, går den omvegen mot nord. Og blir så lasta ombord i fartøy langs norskekysten.
Det er ein av desse merkelege mekanismane i verdsøkonomien vår. At alt på død og liv skal transporterast så veldig langt.

Død og liv, ja. Exxon Valdes-katastrofen i Alaska tilsvarte ein strekning frå Finnmark og langt nedover Nordland.
Og dersom ein oljetankar skulle mista olja si, er norsk politikk å ha ein og annan slepebåt (veldig få i forhold til strekninga langs kysten), slepa tankaren inn til kysten slik at oljesølet berre skal avgrensa seg til eit mindre område.
Kor lite område? Finnmarkskysten, kanskje?

8 Comments:

Blogger Lars said...

Det der er nok Hurtigruta på veg til Vardø, om biletet er teke herifrå. Oljetankarane går mykje lenger ut. Som ganske riktig vil seia at oljesølet tek større plass når det kjem til lands. Og å tru at nokon slepebåt kjem seg ut til ein havarert tankar før katastrofen er eit faktum, er nok mest for dei som aldri har sett storhavet. Det er berre å byrja lære seg korleis ein vaskar fugl. Statistisk sett vil det skje eit havari i løpet av 20 år. Ser deg i fjæra.

06 mars, 2005 22:40  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Du måtte skriva det, ja, Lars...
Eller kanskje eg har eit veldig godt kamera...
Får skulda på bruk av illustrasjonsfoto. Kanskje like greit at eg ikkje er journalist.

Takk, Kirsebæret.
Ja, bra me havna på same stad til slutt.

06 mars, 2005 23:29  
Anonymous Anonym said...

Hmm, alvorlig tema. Det er synd at Finnmark er så fjernt for de fleste nordmenn (det er ikke stygt å si det?) at å få til et engasjement i forhold til miljø i polare strøk er en tung oppgave.
Hadde du skrevet om hurtigruta som det påstås at bildet er av kunne det blitt et trivelig innlegg med utganspunkt i samme foto...

08 mars, 2005 11:15  
Anonymous Anonym said...

Det er et alvorlig tema, bare synd at Finnmark og miljøvern i polare strøk er et tema som fenger den jevne nordmann. Finnmark må vel være noe av det mest eksotiske vi har i Norge i dag med tanke på majoritetens kunnskap og bevissthet rundt Finnmark og det som skjer der.
Hadde du derimot krevet om hurtigruta som dette bildet angivelig er av så hadde kunnet bli et veldig trivelig innlegg basert på samme foto...

08 mars, 2005 11:18  
Anonymous Anonym said...

grrr...jeg hater av og til kommentarfunksjonene, dette blir jo en "Othilie prøver å omformulere det samme temaet et par ganger". Veeldig bra. NOT!

08 mars, 2005 11:20  
Anonymous Anonym said...

Utrolig hvor mange skrivefeil jeg genererer når jeg blir irritert, jamfør andre reformulering hvor jeg trodde at den første ikke kom med (rødme)... Finn fem feil! Jeg kommer til å bare lese en stund og ikke kommentere...

08 mars, 2005 11:25  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Håpar verkeleg ikkje du sluttar å kommentera. For Det er veldig triveleg, synes eg.

08 mars, 2005 15:59  
Anonymous Anonym said...

Ingen kommentar...det gikk jo bra jo!

09 mars, 2005 09:55  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.