mandag, juni 26, 2006

Ferie og st. hans


Har akkurat byrja på ferien. Starta den med å setja meg på ein utestad. Som har uteservering, vel og merka. Bøytde hovudet bakover. Og berre såg rett opp i fridomen.
Å koma i gang med ferien på sjølve St. Hans er heller ikkje å forakta. Sat utpå kvelden i ytrebyfjæra med eit par kameratar rundt eit bål. Nokre ungar våga seg uti det 2-3 grader varme (!) vatnet. Elles var det berre det jamne bølgesuset og den lette drøsen rundt bålet som kunne høyrast...og ein og annan måse, sjølvsagt.
Ja. Og så mykje meir er det vel ikkje å sei enn at det alt i alt var ein temmeleg fin dag.
...og det heile er foreviga i ein video òg.

2 Comments:

Blogger Ragnhild said...

Hei, so fint da e dar oppe! eg flyge herifraa i dag, gjett om eg gler meg :)

29 juni, 2006 10:13  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Den er god. Eg er i Tana nå. Arbeider med nokre ungdommar.

29 juni, 2006 12:45  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.