onsdag, juni 22, 2005

Ferie og avskjed

himmel og skyer
Siste skuledag i dag. To månader ferie! Det kjennest vanvittig godt.
Tok avskjed med ungane på skulen.
Hadde ein seanse der me sat i ein ring og kasta eit garnnøste til kvar og ein i klassen. Den som kasta nøstet skulle seia noko positivt om den som fekk det. Så danna det heile eit mønster av garntråd inne i ringen.
Ungane sa mykje fint om kvarandre.
Og ved avskjed spanderte dei alle ein klem til oss lærarar.

Det er ikkje vanskeleg å kjenna kor glad ein er i desse ungane etter ein slik avskjed.
Gløymt er alle tunge stunder. All frustrasjon. Alt slitet. Tilbake sit ein med inntrykket av kor fine dei er.

På lærarrommet vanka det stor, flott lunsj, slik det pleier etter endt skuleår. Og i avskjedsbyen Vadsø er det kvart år nokre lærarar som takkar for seg og reiser sørover.
For dei som blir igjen, kan dette opplevast som svært tungt.
Ein i kollegiet haldt med tungt hjarte avskjedstale for kameraten sin. Desse to typane er dei næraste eg har sett av teikneseriefigurane Pondus og Jokke. Den eine ihuga Liverpool-fan, den andre litt av kvart.
Kameratskapen mellom dei var så sterkt at "Pondus" hadde husnøkkelen til "Jokke", og at han kunne finna på å stikka innom midt på natta for å låna dvd-spelaren til "Jokke".
Og i dag reiste altså "Pondus" bort.
I avskjedstalen samanlikna "Jokke" tapet av kameraten sin med å skjæra av seg venstre testikkel.

Men som me veit, så høyrer det med i denne byen å ta avskjed av og til.
Nå ventar ferien. Avslapping. Litt reising. Festivalar. Og masse hagearbeid...

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.