torsdag, juni 30, 2005

Kamerat

Kamerat
Har ein kamerat sørpå. Frå Siem utanfor Molde. Studerte media saman med han i Volda for lenge sidan, uteksaminert i 1989. Budde med han og andre i eit kollektiv av glade studentar.
Han er ein kar som har gjort uutsletteleg inntrykk på dei fleste rundt seg. Med historiar og spilloppar.
Som då han innførte hundehalsband og tvungen bjeffing for dei som braut husreglar i kollektivet. Eller då han bestemte at me skulle kle oss i fotballdraktar, bondecaps OG nettingstrømper på ein "typisk-mannfolk-student-fest".

Etter ein drøymejobb med reising over heile verda, har han slått seg til ro i heimbygda. Bygd seg hus i nærleiken av slekta. Saman med barn og kone.
Og med ein enorm utsikt over Romsdalstindane.
Romsdalstindane
Me har ikkje hatt noko særleg kontakt etter studietida. Han har sendt eit julekort av og til. Ein og anna sms og sjelden telefonprat har det vore. Felles for dei alle er at dei stort sett inneheld dei verste injurierande kraftgloser.
Det er vår form for humor. Å kalla kvarandre for dei mest forferdelege ting. Desto verre, desto meir morosamt blir det.
Men det kan gå eit år mellom kvar gong det skjer.

I slutten av juli skal han og kona feira bryllup. Det får eg ikkje anledning til å delta i. Så eg tok turen innom nå, på vegen til Vestlandet.
Å treffa han igjen var som om det berre var ein dag sidan sist. Sjargongen vår var der med ein gong. Ein kunne sjå det i augnekroken hans, kor lyst han hadde til å slynga ut nokre kraftgloser.
Men me haldt oss i skinnet begge to. Berre små fornærmelsar.
Sidan det var kvinner og barn til stades.
Middag
Etter ein dag var det å dra derifrå. kanskje det går eit år før det brått kjem ein sms med nokre nyfunderte kraftgloser igjen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.