St. hans de luxe

Kor mykje meir kan ein forventa av ein St. Hans?
Det starta med ein flott regnboge ute i fjorden.

Den såg me på veg opp til ein nabo, som hadde invitert til midsommarsfeiring med grillspyd og greier.

Me var ein gjeng rundt bordet. Gitar og sang. Gitaristen hadde gløymt grepa og teksten. Og ringte ein kamerat for å friska opp. Medan han spela.

Ein fiskar kom innom. Hadde med seg endå ein gitar. Og ein halvvegs levande kongekrabbe.

Den blei snart ikkje levande i det heile tatt, ved hjelp av koking.
Og skulle de vera i tvil: Kongekrabbe er veldig godt. Betre enn den beste hummar.
Så var det å dra ned til Ytrebyfjæra.
Der sat ein gjeng eldre kvenar og kosa seg rundt grillen.

Lenger nede ved stranda sat ein god gjeng rundt bålet. Nokon bada. Det er på ingen måte varmt. Så desto tøffare er dei som hiv seg uti.

Det var sang. Og det var spel. Og midnattsola skein der bak. På denne lysaste dagen i året.
Og bålet varma så godt.
Gjengen løyste seg etterkvart opp. Dei mest ihuga drog iveg til sjarken til krabbefiskaren.
Eg drog heim. Og skreiv litt i bloggen.
Vel vitande om at det er nok ikkje så mykje meir ein kan forlanga av ei St. Hans feiring enn dette.

1 Comments:
Nydelege bilete!
Legg inn en kommentar
<< Home