Halleluja!
Etter Bobby McGee og soltilbedinga i natt, var det på tide å koma seg i kyrkja.
Til konsert.
Med det Liberianske Gospelkoret, Kongolesisk kor og oss, den norsk/kongolesiske trioen Daap.
Både liberianarane og kongolesarane er drivande dyktige sangarar. Samstundes er dei befriande avslappa. At ein av ungane kom opp og var med litt, det gjorde ingenting.
På slutten tok det skikkeleg av, slik det skal gjera på ein gospelkonsert. Liberianarane dansa omkring. Nokre (afrikanarar) kom fram og deltok i dansen. Nordmennene blei stive av skrekk, og trudde at dei blei nødt til å gå fram og dansa dei òg.
Liberianarane tok kvarandre i hendene og løfta dei opp, og fekk nokre andre med. Yngve og eg, den norske delen av Daap sat lengst framme i kyrkja og byrja å kaldsvetta.
Me trudde nemleg at me blei nødt til å ta kvarandre i hendene og synga "halleluja". Det var me ikkje heilt klare for, nemleg.
Men det blei med skrekken.
Uansett, slike norsk/afrikanske møte er spanande. Blandinga av afrikansk gospel og "Norwegian stiffness"; Det kan jo bli noko særeigent og godt ut av det.
-La oss møtast igjen, sa den liberianske dirigenten til oss i Daap etterpå.
Og det vil me gjerne.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home