fredag, mai 13, 2005

Første smak av sommar

byen i mai
Dette har vore ein fantastisk flott dag! Sola skein, og det var varmt! Den første dagen då jakka og lua kunne pakkast ned i sekken.
Vel, varmt er vel eit relativt omgrep alt etter kor ein er i landet. Og pluss 8 grader er kanskje definert som kaldt andre stader.
Men det var nok til at det var ein ekstra lang kø på Vinmonopolet.
Andre ordna seg ein piknikk i solveggen ved Hermetikken. Såg innover den speilblanke fjorden og det rolege landskapet.

Det er ikkje vanleg med slike varme dagar i mai. Og den 17. er det kanskje sur vind og snøfiller igjen. Isen i Kvitsjøen ved Kola har vel ikkje smelta seg ferdig ennå. Klar til å senda mengder med tung skodde innover mot oss.
Og det var noko som minna mistenkeleg om skodde der ute i aust.
Men det gjer ikkje noko. Ein slik dag som denne set seg fast i kroppen uansett.
fjorden mot aust

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.