tirsdag, mai 17, 2005

Grå 17.

17. mai tog
Det er eigentleg naturstridig å feira 17. mai i Vadsø. Folk har sett på fjernsyn korleis det blir gjort sørpå, og prøver etter beste evne å finna på noko liknande.
Difor kan ein sjå ungar som et is med polvottar og lua langt nedover øyrene.

I dag var det grått. Slik det pleier å vera den 17. Rundt 4-5 grader. Ein sur austavind haldt på å riva fanene ut av hendene på ungane.
Ein av ungane syntes derimot det ikkje var så verst i år. For han hadde høyrt at det snøa i Trondheim. Og det gjorde det ikkje i Vadsø.
-Hah!
Uansett gjaldt det å traska i vei i toget, fortast mogleg for å få det overstått. Koma seg inn i Vadsøhallen, håpa at ein fann sitjeplass, og at ikkje all kaffen var drukke opp alt.

Litt trivelegare var det å bli invitert heim til ein familie på 17. mai-kaffebesøk.
Som gode vadsøværingar flest, hadde dei bakt diverse, kulinariske kaker.
Som denne i jordbærrødt, kremkvitt og blåbærblått.
-Hurra for 17. og alt det derre der...
17. mai kake

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.