mandag, mai 30, 2005

Biletlaus

Bloggen var biletlaus nokre timar ein dag.
Det var krise.
Den blei ganske så bleik og kjedeleg ei stund.
Det skuldast at servaren for bileta (VG nett fotoalbum) var nede for telling.
Satsar på at det ikkje skjer særleg ofte.

4 Comments:

Blogger Lars said...

Kvifor ikkje blogga bileta frå flickr, du har jo konto der au?

30 mai, 2005 19:59  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Fordi eg legg ut ganske mange bilete. Og Flickr har ei grense for kor mange bilete som kan lastast opp per månad.
Har ikkje heilt skjøna korleis det kan leggjast ut fleire enn eit bilete per blogg artikkel frå Flickr, heller.
Men blir det mykje problem med VG albumet, får eg vurdera det.

30 mai, 2005 22:17  
Blogger Lars said...

Ikkje kor mange bilete, men kor mange bytes. Om du gjer om til til dømes 800 x 600 før du lastar opp (Picasa gjer dette ganske lettvint for gruppar av foto), er det plass til veldig mange bilete i løpet av ein månad (ca. 200). Du kan òg betala hundreogfemti spenn og få ti gigabyte med opplastingsrom per månad, eller 200 bilete i full oppløysing frå eit 5 megapixels kamera.
For å posta fleire bilete, bruk "all sizes"-funksjonen i flickr, som gjev eit lite stykkje kode for å posta små, middels eller store variantar av bileta, lenka til flickr-presentasjonen. Lim koden inn i blogg-posten din og framstå som ein fullbefaren fotobloggar.

30 mai, 2005 23:42  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Høh....

31 mai, 2005 18:33  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.