lørdag, mai 21, 2005

Made in hagen

hagen mai 2005
Dette er den fyrste artikkelen som er laga ute i hagen i år.
Med bærbar pc og trådlaust nettverk er det ingen sak.
Hagen ser ikkje særleg ut etter graving og drenering i fjor. Men det blir vel ei ordning med det etterkvart.
Sat i alle fall med kaffekoppen og skreiv og såg på livet.
På tre eldre damer som stod ved hagegjerdet og prata, flirte og kosa seg.
På ei skorsteinspipe haldt måsane på med det dei driv med nå på våren. Ved sida av den vanlege skrikinga.
To måsar
To afrikanske gutar susa forbi på syklane sine.
Ein eldre, afghansk mann rusla opppover (lurer på kva han tenkte då han såg meg med kaffekopp, caps og bærbar pc ute i sola).
Og mellom husa lyste fjorden blått og fint.
Fjord mellom hus

3 Comments:

Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Hei, Laura(kel). Flott at blogginga har tatt vegen til Tana.

21 mai, 2005 21:10  
Anonymous Anonym said...

Hopplahei.
Legger inn et par åndsverk¨
som jeg kom til å tenke på etter
kjøkkensamlinga


Salt

på varangeren
vokser ingen blomster

nei så faen

men svære kveiter
og salt i suppa





Bålkos - Vardø - Vår


Hornøya
tenner ennå sitt onde øye

men bare i ensomme glimt
om natten

viser oss veien
ned i helvete

navigasjonsvarsel
for heksene
en flamme

og en båt under Domen

22 mai, 2005 18:49  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Veldig bra, Varangergutt.
Du har tydelegvis meir på lager enn å berre dra opp fisk.
Dra gjerne opp fleire dikt.

23 mai, 2005 14:33  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.