søndag, mai 01, 2005

Pinnekjøtt og 1. mai

Pinnekjøtt
Nei. Denne matretten og denne dagen har i utgangspunktet ingenting med kvarandre å gjera.
Men det har seg i alle fall slik at eg har sluntra unna heile 1. mai feiringa i år. Er ikkje så stolt over det, forsåvidt. Har likt det å vera blant trauste arbeidarar og synga Internasjonalen og høyra på flammande talar frå byens kommunistar (litt mindre flammar frå SV-talaren og berre litt lunk frå Arbeiderpartiet).
Men eg byrjar vel å bli sedat. I fjor møtte eg langt ut i arrangementet og stod heilt bakerst i lokalet. Og i år var eg ikkje der i det heile tatt. Hm.

I staden har eg tatt meg av familie og nære folk. Vore på ein sykkeltur til Thomaselv. Og servert pinnekjøtt til middag. Som eg har salta og tørka sjølv. Ganske stolt av det.
Så det er dei nære ting som har prega heimen denne helga.
Men det kan henda at det blei nynna litt på Internasjonalen imellom pinnekjøttbitane.

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Hei korleis törka du pinna kjötet daa? hang du da opp. Eg gler meg til min neste pinnakjöt middag. nam nam!

02 mai, 2005 19:41  
Blogger Halvard Mikal Sæbø said...

Hei, Ragnhild.
Nei, hang det nå opp i ein luftig boks ute, etter saltinga.
Ganske enkelt.
Ja, du er velkomen.

03 mai, 2005 11:43  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.