
Me tok han ut i går. Fullførte heile løypa. Ein slik tradisjonell laurdags kveld i Vadsø.
Det starta med pizza og hyggjeleg konversasjon hos Arnfinn og Louise. Ein god gjeng snakka om vårt fleirkulturelle fellesskap. Blant anna om eige opphav. Folk som trudde dei berre hadde kvenar i slekta si, men som har funne ut at det er nå eit og anna samisk element der òg.
Stadig fleire som finn ut det.
Og at noko burde gjerast for å få afghanarar, kongolesarar nordmenn og andre i byen meir saman. For eksempel arrangera felles kulturelle festar.
-Det er mange som har lyst, men ingen som gjer noko, sa ein.
Så gjekk turen til Bajasso. Dette er ein pub som har vore brunare enn den brunaste brunost (var den litt blaut, eller?...ja, den var vel det...)
Den har overlevd den kalde krigen, seg sjølv og stått som den einaste pålen i Vadsø sitt næringsliv. Korleis den har overlevd alle omveltningane er ei gåte. Seinare skifta den til namnet Pintos, og blei endå brunare. Nå er namnet Bajasso tatt tilbake igjen. Og etter andres pub-død har den svinga seg skikkeleg opp. Med masse musikk og masse folk.
I går var det Gemmen som spela med gruppa si. Diverse låtar av Creedence med meir. Ein sikker vinnar blant svingande vadsøværingar. Ekstra godt å høyra Roald på stødig bass. Viss dei får skifta ut trommemaskinen med ein levande ein, blir det endå betre.
Vorspiel, musikk og fest måtte avsluttast med nachspiel på ein båt. Nærare bestemt i sjarken til Geir. Gitar, sang (ja, salmane kom fram igjen) og positivt samvære i den trange kahytten.
Då det var på tide å dra heim utpå morgonen, så snøa det.
-Ja, nu e visst vinteren tebake, sa drosjesjåføren.
-Ja, jammen er den visst det, svara eg.
Jordbær og fløyte på veg til byen. Som Jeltsin ville ha uttrykt det.