
Det var ein av desse helgane igjen. Ein av dei gode.
Som starta i Jakobselvdalen.
Den alltid driftige Geir inviterte Runar, Ragnhild og meg dit. Han hadde med eit digert lagstelt. Var klar for laksefiske. og sosialt samvær.
Geir hadde oppdaga ein diger laks som snusa på floga. Og nå skulle den takast.
Men først var det å setja opp teltet.
Øverst i Jakobselvdalen blei me møtt av skilt kor det stod "No Camping".
Då me bar teltet nedover, kom ein brysk hytteeigar og ropa det same;
-No camping, no camping!
Rart i grunnen, at dei snakkar så mykje engelsk oppover i Jakobselvdalen.
Men retten var på vår side. Ingen kan nekta oss å setja opp telt i Guds frie natur.
Så det gjorde me.

Nede i dalen stod ein einsleg laksefiskar. Han skjøna fint lite då han såg fire lukkelege menneske som kom bærande på god mat, drikke, gitar, toradar og tromme.
Men snart var han med i gjengen.
Geir stemte i med gitaren.

Folk heiv seg med i spel og sang. Nokon fiska innimellom.
Bålet brant i periodar godt.

Og alle var lukkelege.
Neste dag drog nokon av oss til Langnesmarknaden i Tana.
Dette er ein marknad som har lang tradisjon, og som blir halden ein gong i året.
Over 4000 menneske pleier visst å koma innom.
Globebloggaren
Ragnhild seldte sine hekla luer med blant anna gris og kyllingmotiv.

Grilla laks blei servert.

Det var musikk og dans.

Og nokon bada i Nord Europas største lakseelv, Tanaelva.

Eller gjekk barføtt i den mjuke sanda.

Tilbake til Geir og lagsteltet hans drog me til slutt for å finna ut om han hadde fått nokon laks i mellomtida.
Og det hadde visst vore ein sværing som beit på. Men så mista han den.
Fortalte han.
Innimellom andre historiar.
Så der sat me.
Vinden susa i bjørkeskogen. Myggen surra og stakk.
Og langt borte ein stad syntes me at me kunne høyra eit svakt rop;
-No camping, no camping!