
Det var ein av desse dugnadsjobbane for eit av idrettslaga til sonen min igjen.
Denne gong var oppgåva å laga vaffelrøre og selgja vafler på eit arrangement.
Er ikkje noko ihuga vaffelrøremann. Men tok oppgåva på alvor. Så eg kjøpte inn store mengder melk, mjøl og egg. Og ville gjera den litt ekstra pikant med krydder, kefir, vaniljesukker og litt havregryn.
Det skulle bli århundrets beste vafler!
Tenkte eg.
Og så kjøpte eg ei stor, fin bøtte med lokk til å ha røra i. Med plass til 10 liter. Det skulle vel halda.
Så var det i gang med "Operasjon Vafler ut til folket". Oppgåva var så stor at eg fekk hjelp.
Knusing av uhorveleg mange egg. Mange liter melk. Og mjøl og diverse. Ei salig røre (!). Og iherdig røring i bøtta.
Men bøtta var ikkje så fin likevel.
For brått var det hol i ho. Nederst.
Det var ein augneblink at verda stod stille. At me berre stod og såg på ei stråle som stod ut av bøtta og ned på golvet. Sånn inntil det var igjen omlag fem liter.
Før me endeleg fekk summa oss, redda resten opp i ein kasserolle og tørka opp.
Så var det å koma seg til idrettsarrangementet. Og håpa på at fem liter var nok.
Det var det forsåvidt.
I den forstand at når eg kom fram, hadde idrettsarrangørane avslutta heile greia. Det hadde kome så lite folk at dei stengte av tidlegare enn planlagt.
Så der måtte eg tusla slukøra heim med fem liter vaffelrøre mellom hendene.
Og nå lurer eg på om det er nokon som har lyst på vafler...