Radio revolusjon

Det har skjedd ein liten radio revolusjon i NRK Finnmark i dag.
Louise og Hannah var i sommar på haiketur og fekk utlånt ein mikrofon for å laga sitt eige radioprogram. Det første blei sendt i dag, og fleire kjem seinare.
Så vidt eg veit er det første gong at journalistane gir fullstendig slepp på mikrofonen og overlet nesten all programskaping til to glade "ikkje-journalistar".
(Eller er det andre som har gjort noko liknande?)
Det næraste eksempelet eg kjenner til, er Svensk fjernsyn som lånte ut kamera til forskjellige personar.
Sjølve programmet som desse to jentene har laga er av ein slik type som radiojournalistar flest har eit stort ynskje om å laga. Dra ut på tur, treffa folk, laga spennande skildringar og lydar.
Men ein del vil meina at det sjeldan blir tid eller råd til det. Og at journalistane i staden blir henvist til telefonintervju og avspeling av meir musikk, for å fylla sendeflata.
Dermed kan det sjå ut som om NRK Finnmark har gjort ein aldri så liten genistrek, viss dei har oppdaga den. For at glade "amatørar" lagar reportasjar blir sannsynlegvis mykje billegare. Samstundes som akkurat det perspektivet sikkert kan skremma ein del journalistar opp på barrikadane.
Men det er ein ting til; Sjølv om radiojournalistane blei sendt ut for å laga reportasje om ein liknande haiketur, ville resultatet neppe ha blitt det same. Du kan høyra det når ein radiojournalist snakkar. Det blir som regel stivt og tungt på ein måte. Same kor mykje dei prøver på det motsatte. For i all radio-opplæring, med tydeleg uttale, pusteteknikk og trykk på diverse konsonantar, er det noko som forsvinn; Spontanitet og naturleg veremåte.
Og det er akkurat det desse jentene har klart å få fram. Noko som gjer radioprogrammet deira så spesielt og bra (Programmet kunne faktisk ha blitt endå meir spontant, viss det ikkje var for at ein journalist redigerte opptaka).
Kanskje dei set standard for ein heilt ny, type radio? Ein radio revolusjon?