lørdag, mai 26, 2007

Bamse må med


Det skjedde ein morgon på veg til jobben. To vaksne og ein fireåring i bilen. Litt slik trøtt morgonstemning då bilen susa avgårde. Og stress for å rekka barnehage og jobb.
Brått kom det eit skrik frå baksetet. Han hadde gløymt Bamse!
Teddybjørnen låg igjen. Åleine på sofaen. Gløymt og forlatt. Var blitt lova å få vera med til barnehagen.
Det var ingenting anna å gjera.
Tverrvenda i ein rask usving. Rasa tilbake. Og så ta til på ny tur mot byen. Endå meir forsinka.
Men det gjorde ingenting.
For nå var Bamse med. Trygt i fanget til fireåringen.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, mai 12, 2007

Ut på tur...

Har tatt meg ein liten tur.
Siste nytt om det finn de i Reisetankar.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Sametinget på plass



Nokon har kanskje lurt på kva eg har dreve på med der nede i fjæra.
Forklaringa er at eg fekk ein glimrande ide om at det hadde vore fint å setja opp lavvuen der nede. Sitja inni med ein sprakande vedovn og kikka ut på sjølivet.
Problemet er at det bles ofte ganske hardt nedi fjæresteinane. Og lavvu og kraftig vind høyrer dårleg saman.
Men det har eg tenkt på, ser du.
For der nede står ein gammal fiskehjell. Og eit lass med gammal material. Så det var berre å setja opp ein del av materialet som ly, så var lavvuen trygg der inne.

Har prøvd ut systemet òg. Me hadde ein roleg kveld, sambuar og eg. Kikka ut på den forblåste fjorden. Medan vedovnen var raudglødande. Og det var fint, ja.

Problemet som eg kan sjå nå, er at ovnsrøyret kjem til å rusta bort i den salte lufta. Og måsane har allereie byrja å bruka lavvuen som toalett.

Når det gjeld sjølve konstruksjonen, leveggen, så tenkte eg fyrst å saga det til øverst, så det blei jevnt. Men så såg eg brått at, jøss, dette liknar jo på noko. Det likna litt på rettsbygningen i Tana. Eller forsåvidt Sametinget, med dei litt ujevne bordplankane med lavvu inni.

Så dermed blir det ståande slik. Og dessutan kan me gjera akkurat som me vil i Kongeriket vårt.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

tirsdag, mai 01, 2007

System i musikken


Stereoanlegget og cd-ane er på plass i det nye huset. Då er jo det meste klart.
Som med dei fleste menn, har eg eit spesielt forhold til musikken og filmane mine. Det er vel det einaste eg har eit system på. Lp-plater, cd-ar, dvd-ar og videoar er plassert i tematisk og alfabetisk rekkefølge.
Men nå er det slik at min kjære òg har musikk. Og ein ide om å blanda cd-ane blei lufta.

Eg stod og såg på nokre av dei andre cd-ane. Mykje bra. David Bowie. The Doors.
Og så var det Barry White.. Og det var Egil Fylling med visdom frå fortida... Og det var panfløyter....
De skal vita at eg gjorde eit ærleg forsøk på å blanda. Men eg klarte det berre ikkje. Og så la eg til slutt dei andre cd-ane diskret i ei anna hylle.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.