søndag, februar 18, 2007

Boksen i Tromsø


Er av og til i Tromsø for å henta nye impulsar.
Og var i helga på ei spesiell forestilling.
Medan det stod ei framme og fortalte og las, kunne eg høyra nokon bakerst i blant publikum som snakka i telefonen.
Eg blei meir og meir irritert. Tenkja seg til! Endåtil i Tromsø er det nokon som forstyrrer slik! Andre snudde seg og såg undrande bakover.
Så viste det seg at dette høyrde til forestillinga. I ein stor boks kom det ut ei stemme. Til og med latteren til to jenter rulla ut av boksen iblant.
Kva som foregjekk framme på scenen fekk eg ikkje særleg med meg. Men det var jo ein god og nyskapande ide.
Så slo tanken meg; Kvifor har me ikkje slike boksar i Vadsø?

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, februar 10, 2007

Massasje de luxe


Har vore i messehallen i dag og kjøpt ei massasjepute.
Den er alleereie populær i heimen. Alle får prøvd.
Hadde eg kunna, ville eg blitt massert konstant heile livet.
Men har ennå ikkje truffe nokon som er villig til å påta seg den jobben.
Gjekk ei stund til Marika og fekk klassisk massasje. Men ho flytta.
Så nå blir det puta sin tur.
Sit her nå og bloggar. Medan puta knar og herjar der bak.
Det....er....berre.....

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

lørdag, februar 03, 2007

På ski i mørket


Drog ut på min første skiekspedisjon for vinteren. Seint laurdags ettermiddag. Det var blitt nærast mørkt. Hovudlykta lyste svakt i løypa på veg nordover mot Silstadhaugen.

Desse skiturane er eit av dei tema eg har skreve om før (ja). Både i lys og mørke. Men det har blitt færre og færre av dei med åra.

Sonen min sprinta lenger nede i lysløypa. Han er med i konkurransar for Vadsø Skiklubb.
Han og eg har mange turar. Frå han låg i pulk langt inn på fjellet, til han streva i alt for varm vinterdress på veg mot Røde Korshytta og til det kom eit vendepunkt i skilivet vårt.
Det var ein gong me skulle ta turen til Skihytta. Han byrja å skøyta bortover.
Eg tenkte;
-Kva i...
prøvde å følgja etter, gjekk febrilsk over i ein slags skøyteteknikk eg òg, kom opp på sida av ei mor og eit lite barn, den eine skøytetekniske skia mi sklei brått ned i eine skisporet, så eg gjekk på trynet. Rett framfor mora og det vesle barnet.
Det var berre å gå over i tradisjonell diagonalgang. Og på veg opp mot skihytta blei eg stadig møtt av skiløparar som minna meg på at sonen min for lengst var framme, minst ein halvtime før meg.
Det var eit vendepunkt, ja. Eit så stort sjokk at eg stadig har måtta gjenta det i blogg og andre stader. Og skiturane mine blei færre.
Like greit å starta sesongen i mørke, kan ein vel sei.

Det er i alle fall spesielt å gå slik innover i mørke. Nedanfor Silstadhaugen snudde det nedover igjen. På "Indrebysida" møtte eg på andre skiløparar med hovudlykter. Spesielt det òg. Å møta tause menneske med hovudlykter inne på fjellet utan å vita kven dei er.
Månen kom opp og lyste i aust.
Og nede ved stadion kom sonen susande forbi.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.

Joda. Ho er der.


Det var ei stund eg lurte på om ho hadde stukke av for godt.
Men så dukka ho opp igjen, langt der i sør.
Så her sit eg i sofakroken ein laurdags føremiddag med kaffekoppen, ja. Og tenkjer at dette har eg jammen skreve om før. Minst to gonger før.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.