lørdag, februar 03, 2007

På ski i mørket


Drog ut på min første skiekspedisjon for vinteren. Seint laurdags ettermiddag. Det var blitt nærast mørkt. Hovudlykta lyste svakt i løypa på veg nordover mot Silstadhaugen.

Desse skiturane er eit av dei tema eg har skreve om før (ja). Både i lys og mørke. Men det har blitt færre og færre av dei med åra.

Sonen min sprinta lenger nede i lysløypa. Han er med i konkurransar for Vadsø Skiklubb.
Han og eg har mange turar. Frå han låg i pulk langt inn på fjellet, til han streva i alt for varm vinterdress på veg mot Røde Korshytta og til det kom eit vendepunkt i skilivet vårt.
Det var ein gong me skulle ta turen til Skihytta. Han byrja å skøyta bortover.
Eg tenkte;
-Kva i...
prøvde å følgja etter, gjekk febrilsk over i ein slags skøyteteknikk eg òg, kom opp på sida av ei mor og eit lite barn, den eine skøytetekniske skia mi sklei brått ned i eine skisporet, så eg gjekk på trynet. Rett framfor mora og det vesle barnet.
Det var berre å gå over i tradisjonell diagonalgang. Og på veg opp mot skihytta blei eg stadig møtt av skiløparar som minna meg på at sonen min for lengst var framme, minst ein halvtime før meg.
Det var eit vendepunkt, ja. Eit så stort sjokk at eg stadig har måtta gjenta det i blogg og andre stader. Og skiturane mine blei færre.
Like greit å starta sesongen i mørke, kan ein vel sei.

Det er i alle fall spesielt å gå slik innover i mørke. Nedanfor Silstadhaugen snudde det nedover igjen. På "Indrebysida" møtte eg på andre skiløparar med hovudlykter. Spesielt det òg. Å møta tause menneske med hovudlykter inne på fjellet utan å vita kven dei er.
Månen kom opp og lyste i aust.
Og nede ved stadion kom sonen susande forbi.

4 Comments:

Anonymous Anonym said...

Syntes det passe med kommentaren "Ja. Han er der." (Jf forrige post). For det er jo det han er-der framme en stad. De der ongan som veks opp og forbi, de ser man i korte (eller lengre) blink, men du verden-kor flott; de er der ! (No va det vel poetisk,vel ?)

03 februar, 2007 22:46  
Anonymous Anonym said...

Tjohei! :) Lenge sida... Har nok vært innom her av og til og lest med stor fornøyelse. Ønsker deg fine skiturer, sønnen er vel tålmodig, han. ;) Æ skal også bli flinkere til å a) gå på ski b) skrive blogg, men kun på nyfinsk. Hils familien din hjertelig, håper dere dukker opp en gang dere er på sørsida av vakre Varangerfjord.

03 februar, 2007 23:11  
Anonymous Anonym said...

Poetisk som berre det, "anonymous".
Joda. Han er faktisk veldig tolmodig, thk. Får sjå etterkvart om det blir sørlege turar.

04 februar, 2007 00:28  
Anonymous Anonym said...

eg skal kjöpa meg eit par langrennski her på island slik at eg kan dra vetlemann i pulken, men noko sköyte-teknikk det vert det absolutt ikkje. eg skal sikkert ta av meg skina og gå ned dei bratte bakkane også.... helsing pyse-Ragnhild med kakao i sekken

09 februar, 2007 11:13  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.