søndag, februar 18, 2007

Boksen i Tromsø


Er av og til i Tromsø for å henta nye impulsar.
Og var i helga på ei spesiell forestilling.
Medan det stod ei framme og fortalte og las, kunne eg høyra nokon bakerst i blant publikum som snakka i telefonen.
Eg blei meir og meir irritert. Tenkja seg til! Endåtil i Tromsø er det nokon som forstyrrer slik! Andre snudde seg og såg undrande bakover.
Så viste det seg at dette høyrde til forestillinga. I ein stor boks kom det ut ei stemme. Til og med latteren til to jenter rulla ut av boksen iblant.
Kva som foregjekk framme på scenen fekk eg ikkje særleg med meg. Men det var jo ein god og nyskapande ide.
Så slo tanken meg; Kvifor har me ikkje slike boksar i Vadsø?

4 Comments:

Blogger Lars said...

Hadde me hatt slike boksar i Vadsø, ville dei nok fort vorte fylt opp av kommunale byråkratar i staden for leande jentestemmer...

27 februar, 2007 15:09  
Anonymous Anonym said...

http://my.qxl.no/accdb/viewItem.asp?IDI=501978226

Noe for salmesangere fra nord (eller vest)?

06 mars, 2007 19:23  
Anonymous Anonym said...

Hmmm, kanskje på tide å komme ut av boksen nu halvar. vi venter på nyheter. hva skjer på farmen? ingen internettconection eller?
Runar

13 april, 2007 16:27  
Anonymous Anonym said...

Ja, fysj og fy, Lars. Får gåse (eller gasse)hud berre ved tanken.

Hei, Rita. Har vore litt for sein på avtrekkaren, så den boka er vel seldt nå.

Ja, det har gått over staur og slåmaskinar i det siste, Runar. Satsar på at eg kan fortelja dei store nyhenda snart.

17 april, 2007 15:43  

Legg inn en kommentar

<< Home

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.