Om utepils, nord og sør, og diverse

Har tatt min første utepils i helga. Og det er veldig tidleg så langt nord! Så tidleg at det nestan er til å bli nervøs av. For at tanken om evig vår straks skal brytast av nye snøbyger. Dei normalt pessimistiske reknar med at det snøar igjen rundt den 17.
Eigentleg er vel det med utepils eit sørnorsk fenomen. Folk i det nordlegaste har sett det på fjernsyn, eller dratt sørover og tatt utepilsen på Aker Brygge og andre stader.
Her nord er det meir slik at me nærast skottar litt engsteleg rett opp for å sjå om det dett eit snøflak ned i pilsglaset.
Det er i grunnen rart at folk i nord på død og liv skal gjera akkurat slik dei gjer i sør.
Når ungane skal eta is på 17. mai, har dei gjerne lua godt trødd ned over hovudet, medan dei held isen med tjukke polvottar.
Og når skulekorpsa marsjerer omkring, gjer dei det som regel i ein isnande vind.
Nokre korpsungar ved kysten opplevde ein 17. mai at leppene deira fraus fast i munnstykka på blåseinstrumenta. Metall, fuktige lepper og minusgrader høyrer jo som kjent dårleg saman. Ho som spela tuba fekk dessutan hornet fullt av snø, slik at det berre kom gurglelydar ut av instrumentet.
På den andre sida er det ikkje så mange som stiller spørsmål ved at ein skal vera nødt til å marsjera gatelangs under slike værforhold. Det er nå slik det er.
Og til orientering; Det er framleis 10 plussgrader og "sommar" her nord.