onsdag, mars 19, 2008
Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.
Å stå han av
Nokon vil kanskje seia at dette er biletet på den typiske finnmarking. Som står imot kva det skal vera. Oppreist mot alle naturlover. Utan eigentleg å tenkja over kor spesielt det er.
Tok ein tur ein søndags ettermiddag og kom forbi fleire slike gamle hus.
Slik har dette huset hatt eit liv på skakke over lengre tid. Og det verkar eigentleg å vera nøgd med det.
Særleg når det har selskap av ein fargeklatt på sørsida.
Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.
Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.
Løyndommen bak eit gammalt orgel

Naboen og eg demonterte eit lite orgel ein kveld. Det er eit lite og yndig orgel. I forhold til enkelte andre så lite at det nærast kan puttast i lomma. Men det har den rette lyden... ja, det vil sei, dersom det hadde vore friskt. For dette lir av alvorleg astma. Så det var å gjennomføra ein kraftig operasjon.
Når det så var demontert oppdaga me ein løyndom. På baksida var det limt ei avisside. Frå ei tysk avis på byrjinga av 1900 talet.
Så var det å undra over kven som hadde laga dette orgelet. Tydelegvis ein tyskar. For lenge sidan. Og korleis det hadde kome opp til Vadsø. Kanskje under krigen?
Då me hadde lukka det igjen, var det i alle fall litt meir lyd. Men astmaen var nok ikkje heilt kurert. Ennå.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.
Råkøyring og nervøse hestar
Slik kan det gå når ein fireåring med far kjem rasande.
Og det kan føra til at hestane blir så nervøse at dei nestan et opp heile porten.
Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.
søndag, mars 02, 2008
Frå stolt hane til hane i vin
Eg var litt spent på korleis eg skulle takla dette. Å ta liv som eg omgir meg med til dagleg er ikkje noko som skjer så ofte. Men det var ikkje så spesielt. Nestan som å ta opp ein fisk frå havet.
Naboen hjalp til med flåinga. Det kom urovekkande, levande "bøøøøp"-lydar ut av den opne halsen når me haldt på.
Sambuaren haldt seg på god avstand frå slakteplassen, ridande på hesten sin.
Og blandinga av hane, vin, sopp og diverse var som forventa. Det var godt.