onsdag, november 28, 2007

Englevakt

Det som ikkje skal skje, skjedde i går kveld.
På veg heim seint på kvelden i bilen bremsa me ned på den øde vegstrekningen.
Ambulanse, blinkande lys og andre bilar sperra vegen.
Djupe hjulspor i snøen viste at ein bil hadde køyrd av vegen, og sannsynlegvis stod eit stykke nedanfor.
Heldigvis gjekk det forholdsvis fint med dei som sat i bilen.
Men det kunne gått verre. Medan me sat og venta på vegen, usikker på om me skulle gå ut og spørja om me skulle hjelpa.
Så kom det eit stille sus. Og ein ambulansebil som køyrde i voldsom fart langs med grøfta på innsida og forbi oss. Utan sirene, men med blålys. Innan den stansa med eit dump litt forbi ulykkesstaden. Den hadde køyrd så fort at den ikkje klarte å stansa, men unngjekk å kollidera rett i oss ved å manøvrera ut i den djupe grøfta.
Ein ting er korleis slike situasjonar blir handtert. At nokon tar kommando og dirigerer anna trafikk bort slik at vegen ikkje blir sperra og skaper fleire farlege situasjonar. Rett nok må ambulansesjåføren ha vore snartenkt som klarte å manøvrera ut i grøfta. Samstundes kan ein spørja seg om det er nødvendig at ein ambulansebil køyrer veldig fort ved alle utrykningar.
Men mest av alt kunne me godt ha fokusert meir på at det aldri er føret som er årsaka til ei trafikkulykke. Det er at me trafikantar ikkje tilpassar farten til forholda.

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.