fredag, januar 26, 2007

Lyst på eit hus?


Det er med eit visst vemod eg må fortelja at tankane mine frå dette huset og hagen snart tar slutt.
Har tenkt å flytta litt på meg. Ikkje så langt. Berre litt innover fjorden (meir om det seinare).
Og det betyr at dette huset; Som stilltiande har lytta til alt eg har tenkt, er til salgs.
Det du får, bortsett frå to bustader, kjellarstove (med vedovn), fine nyoppussa bad, stor, fin hage, og ei fantastisk utsikt mot Varangerfjorden m.m., er eit hus med sjel og lun atmosfære. Og det har mykje å fortelja.
Så spring og kjøp!

(Biletet er forresten manipulert. Eigentleg er det mørkare og meir snø nå).

Dersom du klikker på nokre annonser, gir du eit lite bidrag til nettsida.