Store og små tankar inspirert av utsikten over Varangerfjorden
lørdag, januar 20, 2007
Is og musikk
Har vore på filmfestival i Tromsø dei siste dagane. Og kom heim til ein iskonsert. Terje Isungset haldt konsert ved hjelp av is-istrument og joikaren Sara Marielle Gaup frå Adjagas. Snø og iskonstellasjonane var laga av Hannah og Hugo, i tillegg til isbileta til. Dette skjer i samband med ein ny festival i Vadsø, Solfestivalen. Konserten var visstnok magisk torsdagskveld med is, lys , mørke og nordlys. Ikkje så verst dagen etter heller under skulekonsertane. Så er det berre å håpa at klimaendringane ikkje øydelegg for slik iskunst i framtida.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home